| Økologiske mjølkebruk i driftsgranskingane
Regjeringa har som mål at 15 % av all matproduksjon skal være økologisk innan 2015.
For å nå dette målet må sal av norske økologiske meierivarer auke. I fjor auka salet av økoprodukt frå TINE med om lag 100 %. Hovudårsaka til det var at all kefir ble lagt om til økologisk. Sett bort frå kefiren, auka salet av økologiske meieriprodukt med 13 %. TINE kan også melde at økologiske mjølkeprodukt har hatt ein særs god salsutvikling i første kvartal 2006. (Kjelde: SLF)
Produsentar med leveranseavtale for økologisk mjølk i klyngeområde, får kr 0,60 per liter ekstra (ut året 2010). Produsentar utanfor klynge, som har levert økologisk mjølk sidan før 31.12.2002, får kr 0,30 per liter i tillegg (ut året 2006). Produsentar godkjende i 2003 og seinare som ikkje har leveringsavtale, får ikkje tillegg i prisen. Det var per 31. desember 2005, 236 produsentar med leveringsavtale, 47 produsentar som fikk kr 0,30 per liter i tillegg og fire produsentar som leverte utan tillegg. Totalt var det 287 leverandørar av økologisk mjølk som leverte til TINE. Utanom desse er det to økologiske mjølkeprodusentar som er knytte til Haugaland meieri. (Kjelde: SLF)
For den økologiske storfeproduksjonen hadde Gilde Norsk Kjøtt i 2005 følgjande leveringsvilkår på økologisk slakt: Storfe hadde eit pristillegg på kr 1,- som var inkludert i prisen på dyr med Debio sine øyremerke (metallklyper). Kalv: Det er ikkje pristillegg på økologisk kalv, fordi kvantumet er for lite til å forsvare eigen varestraum. (Kjelde: gilde.no)
I driftsgranskingane vart det i 2005 registrert 17 mjølkebruk med økologisk produksjon og fem mjølkebruk som er under omlegging. Vi har her valt å berre ta med dei bruka som har fått tilskot for økologisk produksjon, dvs. dei bruka som er godkjente som økologiske. Resultata frå desse økobruka er presenterte i tabellen under og samanlikna med tilsvarande konvensjonelle mjølkebruk.
Samanlikna med dei mjølkebruka som driv konvensjonelt, har økobruka i snitt det beste økonomiske resultatet (sjå tabell). Skilnaden er liten og han hadde kanskje vore større dersom økobruka hadde fylt opp kvoten sin. Økobruka produserer også mindre storfekjøt enn dei konvensjonelle fordi mange sel oksane medan dei ennå er kalvar. Årsaka til det kan vere at produksjon av storfeslakt er intensiv og kraftfôrkrevjande. Det kan og ha samanheng med kravet frå DEBIO om at alle storfe som står på bås, også oksar, skal luftast, og at alle dyra skal ha tilgang til beite kvar dag i beitesesongen.
Økobruka har fleire årskyr enn samanlikningsgruppa, men økokyrne har lågare yting. I Noreg ligg gjennomsnittleg yting for ei økologisk ku på 5000 kg mjølk (kjelde: agropub.no). Gjennomsnittstala skjuler store variasjonar og økokyrne i vårt utval produserer nærare 6000 kg mjølk per år.
Prisen på økomjølka ligg 50 øre over den konvensjonelle mjølka per liter. Økobruka får også betre betalt for kuslaktet, men mindre for anna storfeslakt, samanlikna med dei konvensjonelle. Økobruka får meir i tilskot, både fordi dei har større areal, fleire dyr og fordi dei får ekstra tilskot til økologisk drive areal. (Økobruka i driftsgranskinga har 39 % meir eng og beite enn dei konvensjonelle. Det er naudsynt fordi dei har så mykje lågare avling, då dei ikkje nyttar kunstgjødsel og må drive ugraskamp for hand.)
Økobruka har låge variable kostnader samanlikna med dei som driv konvensjonelt. Det er som venta fordi økobruka ikkje nyttar kunstgjødsel eller sprøytemidlar i produksjonen, og fordi dei bruker mindre kraftfôr enn dei konvensjonelle. Bruken av kraftfôr varierer fra null til om lag 35 % av årsfôret. Sjølv om det økologiske kraftfôret kostar kr 1,23 meir per kg enn konvensjonelt kraftfôr, vert kraftfôrkostnaden lågare for dei økologiske bruka. Frå 24. august 2005 måtte heile fôrrasjonen til økologiske mjølkekyr vere økologisk. Mange gardsbruk hadde til då nytta 15 % ikkje-økologisk fôr i den årlege fôrrasjonen. Det er nå nok norskprodusert økologisk korn på marknaden.
Økobruka har mykje høgare faste kostnader enn dei konvensjonelle og det gjeld serleg dei kostnadene som er knytt til leigd arbeid, jordleie og maskinleie. Dei har også høgare avskrivingar enn dei konvensjonelle og det meste skriv seg frå driftsbygningar. Det tyder på at økobruka investerer i bygningar og det har nok ein samanheng med forbodet mot båsfjøs for økologiske mjølkeprodusentar alt frå år 2011.
Det blir hevda at økologisk drift er meir arbeidskrevjande enn konvensjonell drift, og vi ville difor venta at arbeidsforbruket for økobøndene skulle vere høgare enn for dei konvensjonelle bøndene. Overraskande nok er det ikkje tilfelle for bruka i utvalet. Tal arbeidstimar i jordbruket er lik for begge gruppene, men timebruken per årsku er lågare for økobruka enn for dei konvensjonelle. Den same tendensen har vi sett på bruk som driv med økologisk sauehald. (Kjelde: Økosau - liv laga på Vestlandet?)
Se også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 13.12.2006 |