Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Kostnader ved å forby alle former for burdrift for verpehøner

Tips en venn Skriv ut

Kostnader ved å forby alle former for burdrift for verpehøner

Mattilsynet har arbeidd med eit høyringsforslag om overgangstid for å avvikle burdrift for verpehøner. I samband med dette bad Mattilsynet NILF om å utgreie kostnader ved eit slikt forbod og ved forskjellig frist for å gå over til andre system enn bur.

Utgreiinga tek utgangspunkt i at tradisjonelle bur vert forbodne frå 1. januar 2012 og vi har sett på kostnader ved også å forby innreidde bur. Det er sett på to system for drift med frittgåande høner: fleiretasjesystem (aviarier) og drift på eitt golv. Forbod mot burdrift kan utformast på fleire måtar. I utgreiinga har vi sett på to alternativ: forbod mot bur ved nybygging og forbod frå og med ein viss dato.

Det er rekna med at ved nybygging vil dei aller fleste produsentane velje anlegg som tilsvarer konsesjonsgrensa på 7500 høner. Investeringsbehovet i hus og utstyr er litt mindre for fleiretasjedrift enn for innreidde bur, mens golvdrift har størst investeringsbehov. Burdrift gir størst eggproduksjon per høne og minst driftskostnader per kg egg. Alt i alt er meirkostnadene om lag 2 kroner per kg egg ved frittgåande høner samanlikna med burdrift. Dette er omtrent som den meirprisen produsentar med kontrakt for levering av egg frå frittgåande høner oppnår i dag.

Det er no vel 450 000 høneplassar i innreidde bur. Årleg meirkostnad vert ca. 9,1 millionar kroner dersom alle går over til fleiretasjesystem og ca. 13,8 mill. kroner dersom alle går over til golvdrift. No er det i tillegg omtrent 2 millionar høner i tradisjonelle bur. Det er uvisst kor mange produsentar som vil velje innreidde bur fram til år 2012. I utgreiinga er det rekna med at det vil bli om lag 750 000 høneplassar til i innreidde bur fram mot år 2012. Årlege meirkostnader for desse er i storleiksorden 15-23 millionar kroner. Dersom forbodet mot burdrift gjeld ved nybygging vil desse kostnadene oppstå rundt år 2020-2025 for eksisterande høneplassar og rundt år 2030 for dei som investerer fram til år 2012.

Dersom eit forbod gjeld frå og med ei viss dato, og denne datoen er før produsentane i alle fall ville ha slutta eller skifta ut anlegga, vil det bli større meirkostnader. Denne meirkostnaden aukar raskt di kortare fristen er.

Sjå meir i notatet Verpehøner frå bur til lausdrift.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 01.06.2006