| «Bønder i byd'n» - ei salsmesse med positive ringverknader
«Bønder i byd'n - Bergen matfestival» er ei salsmesse for bønder og småskala vidareforedlingsbedrifter i Hordaland og Sogn og Fjordane. NILF har undersøkt arrangementet i 2006 for å finna ut kva utstillarar og publikum tykte om arrangementet. Resultata var eintydig positive. Dette kopla mot den store publikumstilstrøyminga tyder på eit vellukka arrangement.
Undersøkinga er gjort på oppdrag frå landbruksavdelinga i Hordaland, og byggjar på intervju med 38 småskalaprodusentar og 47 vitjande. Festivalen har vore arrangert fem gonger i si noverande form med Fylkesmannens landbruksavdeling i Hordaland som arrangør i samarbeid med landbruksavdelinga i Sogn og Fjordane, samt ei rekkje andre samarbeidspartnarar.
Ein viktig salskanal
Dei aller fleste utstillarane kjem att år etter år. Festivalen vart rekna som viktig både som marknadsføringsarena og som salskanal. 65 prosent hadde delteke på festivalen tidligare år, hadde endra strategi og arbeidsrutinar som følgje av tidlegare erfaringar. 32 meinte at kontakten med andre utstillarar under festivalen var viktig eller svært viktig. Kontakten med kundar og publikum var ein viktig grunn til å vere på festivalen. Resultata tyder på at «Bønder i byd'n» spelar ei viktig rolle for bønder som ønskjer å etablere seg som foredlarar av gardsprodukt - og dermed bidra til å utvide tilbodet av lokal tradisjonsmat til forbrukaren.
Godt fornøgde kundar
Publikumstilstrømminga til festivalen var svært god. 3/4 av dei intervjua hadde vore på festivalen tidlegare år. Nær alle (87 prosent) ville ha vitja festivalen sjølv om dei kunne få dei same produkta i nærbutikken. Publikum kom både for «å sjå» og for å handle. Dei gav klårt uttrykk for at dei syntest det var eit godt arrangement. Det tyder på at festivalen er eit trekkplaster i seg sjølv, og at den er i ferd med å institusjonalisera seg som eit arrangement mange ser fram i mot.
Det var få av dei vitjande som jamt handla lokale spesialitetar i butikk. Festivalen fungerer dermed godt som eit utstillingsvindauge overfor nye kundar. Det er harmoni mellom desse funna og det utstillarane seier om sine forventningar til, og erfaringar med, festivalen.
Den gode publikumstilstrøyminga kopla opp mot dei eintydig positive tilbakemeldingane både frå utstillarar og publikum gjev grunn til å karakterisera arrangementet som vellukka sett frå deira ståstad.
Relevans
Utvikling av alternative næringar på garden har lenge vore eit satsingsområde frå myndigheitenes side. Særleg har det vorte oppfordra til å utvikle næringar som koplar gardens ressursar og utkomme med lokale tradisjonar. Ved å produsera mat basert på gamle oppskrifter og eigenproduserte råvarer, aukar ein verdiskapinga på bruket, samstundes som ein tek vare på lokal kulturhistorie. Sal direkte til forbrukar tilgodeser bonden med heile meirverdien av produktet. Han vert ikkje berre ein råvareprodusent.
For fleire detaljar sjå notatet Bønder i byd'n - Bergen matfestival 2006 - ei undersøking blant publikum og utstillarar.
Kontaktperson i NILF er Arild Spissøy.
Se også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 21.12.2006 |