Aktuelle tema
Kalender
Skil dei nye økoprodusentane seg frå den «eldre garden»?
Tips en venn Skriv ut
Over det meste av verda er økologisk jordbruk i vekst. I Noreg fanst det berre 423 økologiske gardar i 1991 mot 2484 i 2004. Samstundes har det økologiske jordbruksarealet (areal under omlegging inkludert) auka frå 24 433 til 410 360 dekar. Det meste av veksten har kome av at konvensjonelle bønder legg om til økologisk drift, blant anna stimulert av auka pristillegg i marknaden og tilskot til driftsforma. Eitt spørsmål blir om trekk ved gardsdrifta, målsettingar, motiv for omlegging og haldingar hos nyare økologiske brukarar skil seg frå dei som var tidlegare ute. For å granske dette under norske tilhøve har NILF i samarbeid med NORSØK og NVH gjennomført ei spørjeundersøking blant økologiske mjølkeprodusentar. Dei som la om til økologisk drift i 1995 eller før vart rekna som den «eldre garden», medan dei som la om i 2000 eller seinare som nye. Nokre funn tydde på ei meir pragmatisk drift hos dei nye. Mange i den eldre garden følgde den økologiske tradisjonen med eit allsidig plante- og husdyrhald og med i større grad eit sjølvbergingshushald. Dei nye var oftare spesialiserte mjølkeprodusentar. Dei fôra òg kyrne sterkast med kraftfôr, kyrne mjølka meir og vart oftare behandla av veterinær mot sjukdom. Alternativ veterinærmedisin vart mest nytta blant den eldre garden. Betre lønsemd og ekstra tilskot til økologisk drift var ei mye viktigare drivkraft for å legge om blant dei nye produsentane. Dei som var tidlegare ute med økologisk drift la større vekt på omsyn til miljø samt økologisk ideologi og filosofi. Andre funn tydde likevel på ein ganske låg grad av «konvensjonalisering». Størstedelen av besetningane, også blant dei nye, hadde ein låg til moderat mjølkeavdrått. Sjølv om bortimot 40 prosent av nykommarane la vekt på økonomi, var framleis omsyn til miljø, bærekraft og matvarekvalitet meir framtredande som målsettingar for gardsdrifta og motiv for å legge om. Alle gruppene hadde eit positivt syn på miljøkvalitetane ved økologisk drift, men trua var sterkast hjå den eldre garden. Tilstrøyminga av nye økobønder ser følgjeleg ut til å auke innslaget av pragmatiske, økonomiske orienterte brukarar. Ein må rekne med spenningar mellom desse og dei tradisjonelle idealistane i syn på kva som er «god» økologisk gardsdrift, samt at dei vil reagere annleis på endringar i marknaden og tiltak i landbrukspolitikken. For meir informasjon, ta kontakt med prosjektleiar Ola Flaten. Se også oversikt over andre forsidesaker Publisert 13.04.2005 |

