Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Pacioli 13-seminar

Tips en venn Skriv ut

Pacioli 13-seminar

Bilde

Hardingasete i Kvam, Hardanger var dette året verstskap for den årlege workshopen til Farm Accountancy Data Network (FADN). Namnet Pacioli stammar frå ein italiensk munk, Luca Pacioli, som skreiv den første læreboka om dobbel bokføring i 1494. Pacioli-seminar er ei samling av forskarar og datahandsamarar frå Europa og Amerika, der ein tek for seg ulike tema innan innsamling og analyse av landbruksøkonomiske data frå enkeltbruk. I Noreg har vi dei årlege driftsgranskingane, og andre land har tilsvarande undersøkingar basert på innsamla data frå rekneskap.

Bilde

Hovudtema for samlinga i år var «Micro Economic Data on Farm Diversification, Rural Businesses and the Intra-generational Transfer», det vil då seie innsamling og analyse av data vedrørande tilleggsnæringar, bygdenæringar og generasjonsskifte. I tillegg var det ei rekkje andre interessante tema.

NILF ved distriktskontoret i Bergen, hadde ansvaret for den praktiske gjennomføringa av arrangementet, medan det nederlandske landbruksøkonomiske instituttet Landbouw Economisch Instituut (LEI), hadde ansvaret for det faglege innhaldet. I alt var det deltakarar frå Canada og 11 europeiske land.

Bilde

Arrangementet var svært vellykka, til og med vêret viste seg frå ei bra side. Evalueringa frå deltakarane syner at både fagleg innhald og praktisk opplegg fall i smak. Ramma rundt med innkvartering i gamle hus frå 1800-talet og vakker natur i Hardanger på forsommaren, gjorde dette til ei spesiell oppleving for deltakarane. Under gardsbesøket på Fykse fekk deltakarane også oppleve korleis det er å drive gard med tilleggsnæring i brattlende strøk på Vestlandet.

Se også oversikt over andre forsidesaker

Publisert 06.07.2005