Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

NILF har delteke i eit nyleg avslutta EU-prosjekt innanfor ESPON-programmet

Tips en venn Skriv ut

NILF har delteke i eit nyleg avslutta EU-prosjekt innanfor ESPON-programmet

ESPON-programmet vart lansert innan EU som oppfylging av utviklinga av det europeiske territorielle utviklingsperspektivet (the European Spatial Development Perspective - ESDP), som tek sikte på ei meir balansert økonomisk og sosial utvikling innanfor det europeiske territoriet. Programmet omfattar over 20 ulike prosjekt innanfor ei rekkje ulike samfunnsområde (sjå ESPON si heimeside). Noreg kom med i ESPON-programmet våren 2003, og som fylgje av det kom NILF med som partnar i prosjektet «The Territorial Impact of CAP and Rural Development Policy». Formålet med dette prosjektet var å analysera dei territorielle effektane av den felles landbrukspolitikken og bygdeutviklingspolitikken i EU (Common Agricultural Policy and Rural Development Policy (CAP/RDP)) i lys av ESDP-konseptet.

Hovudkonklusjonen i den endelege rapporten frå prosjektet er at på aggregert nivå verkar EU sin felles landbrukspolitikk imot måla om balansert økonomisk og sosial utvikling innafor EU, slik dei er trekt opp i ESDP-konseptet. Marknads- og prispolitikken (inkl. areal- og dyrestøtta), det som vert kalla pilar 1 av CAP, synes å favorisera sentrale område meir enn den støttar opp om økonomisk meir svake distrikt. Spesielt marknadsprisstøtta (skjermingsstøtta som ligg i importvernet) favoriserer meir sentrale, og økonomisk betre stilte område. Dei siste åra har det skjedd endringar i CAP med ei dreiing av støtta over mot meir direkte utbetalingar til bønder, mellom anna av miljø- og regionalomsyn. I rapporten vert det slått fast at desse verkemidla, som kjem inn under det som vert kalla pilar 2 av CAP, i noko større grad medverkar til å nå mål om meir balansert økonomisk og sosial utvikling innanfor EU sitt territorium (på det som heiter NUTS3-nivå i EU sin terminologi, i norsk samanheng vil det seia inndeling på fylkesnivå). Det vert i rapporten hevda at det er rom for å utvikla pilar 2 innan CAP, slik at den felles landbruks- og bygdeutviklingspolitikken i EU betre kan støtta opp under ESDP-konseptet om meir balansert økonomisk og sosial utvikling i EU på regionnivå.

«Dette har vore eit interessant og gjevande prosjekt å vera med i,» seier forskar Sjur Spildo Prestegard, som har vore NILF sin representant i den internasjonale prosjektgruppa. Prestegard seier vidare at det har vore særs gjevande å arbeida saman med og verta kjent med forskarar frå ulike land og forskingsmiljø. Utanom NILF har Arkleton Institute for Rural Development Research, University of Aberdeen (koordinator for prosjektet), Federal Institute for Less Favoured and Mountain Areas, Wien, Institute of Spatial Planning, University of Dortmund og National Institute for Regional and Spatial Analysis, National University of Ireland vore med i prosjektgruppa.

Den fulle prosjektrapporten har tittelen ESPON Project 2.1.3 The Territorial Impact of CAP and Rural Development Policy er å finna i PDF-format på ESPON-programmet si heimeside.

Se også oversikt over andre forsidesaker

Publisert 18.10.2004