|
Vi inviterer med dette til ope seminar i NILF
| Tema for seminaret | | Hushaldsinntekter i jordbruket - eit alternativ til dagens inntektsmål? |
| Foredragsholdere | | Agnar Hegrenes (NILF) |
| Sted | | NILFs lokaler, Schweigaardsgate 33B, Oslo |
| Tid | | Onsdag 16. februar 2000, kl. 14.30 |
|
Samanlikning av inntekter og levekår mellom jordbruk og andre yrkesgrupper har lenge vore eit sentralt tema i landbrukspolitikk og -økonomi. I stor grad har faktorinntekt i jordbruket vore samanlikna med gjennomsnittleg inntekt i andre yrke. Dei seinaste åra har det vore diskutert om hushaldsinntekt er eit aktuelt samanlikningsgrunnlag. Utrekning av hushaldsinntekt og samanlikning av denne mellom ymse grupper gjer det naudsynt å avklare m.a. kva inntekter ein skal ta omsyn til, korleis ein skal definere eit hushald og korleis ein skal avgrense jordbrukarhushald frå andre hushald.
Om hushaldsinntekt er aktuelt samanlikningsgrunnlag i landbrukspolitikken eller ikkje, vil vere avhengig av m.a. landbrukspolitiske mål. På seminaret vil ein drøfte bruken av hushaldsinntekt som samanlikningsgrunnlag i lys av utviklinga i landbrukspolitiske mål den siste tida. Ein vil og drøfte enkelte måle- og avgrensingsproblem og presentere enkelte tal for hushaldsinntekter.
Seminaret er i stor grad basert på NILF-rapport 1999:8 Hushaldsinntekter i norske jordbrukarhushald.
Vel møtt!
|