|
I tillegg har Cato Kvaal og Torbjørn Andal fungert i kortare periodar.
3 Organisasjonsmessig utvikling av instituttet
3.1 Plassering og organisering i høve til andre institusjonar
Instituttet hadde ved starten hovudkontor og 3 distriktskontor. Elles hadde instituttet 9 driftsagronomar som var plassert ved Landbruksselskapa i 9 fylke, og ein driftsagronom ved hovudkontoret. Rundt 1950 var det administrative apparatet utbygt slik som tenkt, og funksjonærane var på plass. Meininga var nok at etter kvart som rekneskapskontora vart betre utbygde, skulle det verte tilsett driftsagronom i fleire fylke. Kva som då skulle skje med distriktskontora; var ikkje bestemt. I 1954 foreslo Landbruksdepartementet å opprette driftsagronomstilling i kvart av dei tre vestlandsfylka og å leggje ned distriktskontoret i Bergen. Instituttet gjekk mot dette, spesielt å leggje ned distriktskontoret. Forslaget vart avvist i Stortinget, men Møre og Romsdal fekk driftsagronomstilling i 1955.
I 1955 vedtok Stortinget ei ny jordlov. Denne lova og ymse andre tiltak, mellom anna stønad til nye driftsbygningar, gjorde det naudsynt med driftsøkonomisk vurdering av einskildbruk. Dette arbeidet vart lagt til landbruksselskapa, men dei hadde korkje naudsynt sakkunnskap eller nok hjelp til å klare arbeidet. Departementet foreslo difor, og Stortinget vedtok, å overføre 9 av dei 10 driftsagronomstillingane NLI hadde, til landbruksselskapa som fylkesagronomstillingar. Samstundes vart det oppretta 8 nye fylkesagronomstillingar i dei fylka som ikkje hadde driftsagronom. Som kompensasjon for tapet av driftsagronomstillingane fekk NLI 6 nye stillingar, mellom anna 2 distriktskonsulentstillingar. Desse vart leiarar for nyoppretta distriktskontor for Austlandet og Trøndelag. Frå og med 1. januar 1956 hadde NLI såleis hovudkontor og 5 distriktskontor.
Sjølv om fylkesagronomane ikkje var tilsette i NLI, var det god kontakt mellom instituttet og fylkesagronomane i økonomi. Det var samarbeid om prøvebruk og prosjekt. Det har og vore regelmessige samrådingsmøte mellom fylkesagronomane i jordbruksøkonomi og instituttet.
Landbruksdepartementet nedsette 30. august 1960 eit utval med Per Kleppe som formann, som skulle greie ut den vidare utbygginga av dei landbruksvitskaplege institusjonane. I den samanhengen uttalte NLVF at det landbruksøkonomiske fagområdet ikkje var tilfredsstillande utbygt når det gjaldt forsking og undervisning. Både forskingsrådet og landbrukshøgskulen meinte at det ville vore mange fordelar ved å flytte NLI til Vollebekk i Ås. Ein føresetnad for ei slik flytting var at det vart reist eit nybygg på NLH-området for NLI og Institutt for driftslære og landbruksøkonomi. Utvalet slutta seg til eit forslag frå landbrukshøgskulen om å setje ned ein komité til å greie ut saka og å fremje forslag til romprogram. (Innstilling om den videre utbygging av de landbruksvitenskapelige institusjoner, 1961).
Spørsmålet om plassering av NLI og forholdet mellom NLI og andre institusjonar vart teke opp i fleire andre samanhengar omtrent samtidig, og den 21. februar 1963 nedsette Landbruksdepartementet eit utval for å greie ut organisasjon, oppbygging og plassering av NLI. Utvalet delte seg i eit fleirtal og eit mindretal. Fleirtalet konkluderte m.a. med at NLI burde halde fram som ein sjølvstendig serviceinstitusjon under Landbruksdepartementet, at NLIs geografiske plassering skulle halde fram og at instituttet i hovudtrekk hadde ei formålstenleg oppbygging. Mindretalet (representanten frå NLH) konkluderte med at ein burde samle NLI og Institutt for driftslære og landbruksøkonomi i ein institusjon på Ås. (Innstilling fra Utvalg til å utrede organisasjonen, oppbyggingen og plasseringen av Norges landbruksøkonomiske institutt.)
Seinare har geografisk plassering av instituttet vore drøfta i samband med mellom anna forslag om utflytting av statsinstitusjonar frå Oslo, men bortsett frå at distriktskontoret for Austlandet vart flytt frå Oslo til Ås i 1972, skjedde det lite med ekstern organisering og plassering før samanslåinga mellom NLI og Sekretariatet for Budsjettnemnda i jordbruket til NILF i 1986.
Rundt 1990 tok Landbruksdepartementet initiativ til å utgreie organiseringa av NILF, m.a. om distriktskontora skulle samordnast med fylkeslandbrukskontora, no Fylkesmannens landbruksavdeling. Enden på det vart at distriktskontoret på Ås vart nedlagt og integrert i hovudkontoret (1995). Det er vedteke at distriktskontoret for Telemark, Agder og Rogaland skal leggjast ned når det personalmessig høver slik. Instituttet sit då att med distriktskontor i Bergen, Trondheim og Bodø, og desse kontora er samlokalisert med Fylkesmannens landbruksavdeling i Hordaland, Sør-Trøndelag og Nordland.
Utover i 1990-åra vart organisering av forsking eit «storpolitisk» tema. Landbruksdepartementet foreslo å omgjere dei landbruksvitskaplege forskingsinstitusjonane til stiftingar og å opprette ein felles overbygning som skulle ta seg av fellesoppgåver. Modellen var ikkje spesielt fyldig omtala i forslaget til Stortinget, og Stortinget sende saka attende til Landbruksdepartementet med krav om grundigare utgreiing. Etter ein omfattande utgreiingsrunde enda det med at institusjonane skulle vere forvaltningsorgan med særskilde fullmakter på visse område. Dette gjeld m.a. økonomistyring og fullmakt til å opprette og inndra stillingar. For første gong fekk NILF eit styre. Frå 1986 hadde instituttet hatt eit fagleg råd.
Finansieringsstrukturen vart og endra. Frå 1.1.97 har instituttet ei tredelt finansiering. Dei forvaltningsretta oppgåvene, dvs sekretariatsarbeid for BFJ, driftsgranskingane m.m., er finansiert over Landbruksdepartementets budsjett. Instituttet får ei grunnløyving til forsking frå Forskingsrådet. Elles må aktiviteten finansierast med oppdrags- og prosjektmidlar.
| For 1997 var budsjettet samansett slik (millionar kroner) |
| Forvaltningsretta oppgåver | | 17,4 |
| Basisløyving (grunnløyving + strategiske instituttprogram) | | 7,5 |
| Oppdragsmidlar | | 5,5 |
| Sal av publikasjonar | | 0,6 |
| Sum | | 31,0 |
3.2 Intern organisering
Ved opprettinga av instituttet hadde ikkje hovudkontoret noko avdelingsinndeling. I 1954 vart hovudkontoret delt inn i 3 avdelingar: Avdeling for statistikk og administrasjon, Avdeling for forsking og Avdeling for rådgjeving og informasjon (Prøvebruksavdelinga). Denne organiseringa hadde ein heilt til endringa i 1986, sjølv om det var eit gradvis skilje mellom ei statistikkavdeling og ei administrasjonsavdeling.
Landbruksdepartementet bestemte i 1984 at NLI og sekretariatet for BFJ skulle administrativt samordnast til ein institusjon som etter litt diskusjon fekk namnet Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF). Den nye institusjonen skulle ha ei administrasjonsavdeling mens dei faglege delane av dei to «gamle» institusjonane skulle vere fagavdelingar i det nye instituttet. Eit tungtvegande argument for denne organiseringa var at ein skulle ha ei klar avgrensing av ansvaret og styringsretten for Budsjettnemnda for jordbruket. Ein praktisk konsekvens av denne organiseringa var at det framleis var eit skarpt skilje mellom basismodellar og operative modellar, sjå kapittel 4.2. Forskinga vart og delt på to avdelingar.
Instituttet bar preg av å vere samanslege av to institusjonar. I 1992 braut ein opp den gamle avdelingsstrukturen og skipa tre fagavdelingar. Kvar avdeling skulle leiast av ein forskingssjef, og alle avdelingane skulle drive både forsking og forvaltningsretta aktivitet.
Denne organisasjonsmodellen vart ikkje særleg langvarig av minst to årsaker. Det eine var skifte av direktør. Det andre var at krava til forsking auka. Instituttet var evaluert av ein internasjonalt samansett evalueringskomité. Komitéen var tvilande til om forskinga kunne få spesielt gode vilkår i NILF med alle dei ulikearta oppgåvene som institusjonen hadde (Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd, 1992). Mens instituttet framheva det positive i samyrke mellom fleire oppgåver, var komitéen redd for at forskinga vart restpost i ressurstildeling. Komitéen foreslo mellom anna å skilje forskinga ut og leggje den til NLH. Landbruksdepartementet bestemte å halde NILF samla, og instituttleiinga omorganiserte i 1995 for å leggje tilhøva betre til rette for forskinga gjennom å oppretta ei eiga forskingsavdeling. På same sted vart det etablert ei avdeiling som fekk ansvaret for dei forvaltningsretta aktivitetane.
3.3 Stillingsstruktur
Ved starten hadde som nemnt instituttet 38 stillingsheimlar, og fleire kom til seinare. Dei fleste stillingane har vore sekretær- og konsulentstillingar. Instituttet har alltid hatt relativt få forskarstillingar over statsbudsjettet. Så seint som i 1981 hadde instituttet berre 4 forskarstillingar av i alt om lag 50 faste stillingsheimlar. Forholdet mellom faste forskarstillingar og andre stillingar vart relativt sett enda «dårlegare» etter samanslåinga av NLI og sekretariatet for BFJ då fire av vel 60 stillingsheimlar var forskarstillingar. Det meste av forskinga har difor vore utført av personale tilsett i forskingsråd og av personar som ikkje hadde forskarstilling. Andre institutt under same programkategori i statsbudsjettet har i langt større grad vore «reine» forskingsinstitutt. Dei har hatt relativt fleire forskarstillingar. Ei årsak til denne skilnaden er at NLI (NILF) er tillagt mange og arbeidskrevjande oppgåver som ikkje er forsking eller krev forskarkompetanse.
Ein kan og nemne at i samband med utgreiinga om landbruksforskinga, foreslo instituttet i 1961 at det vart oppretta 15 nye stillingar, og berre eit fåtal av desse var forskarstilling. Stillingsstrukturen gir ikkje noko godt bilete av korleis forsking har vore prioritert. I mange høve har det vore lite samsvar mellom tittel og arbeidsoppgåve, slik at personar i konsulentstilling ofte utførte forskingsarbeid. At forsking har vore prioritert, kan illustrerast med at 10 personar er tildelt doktorgrad ved NLH, mens dei har vore tilsette i instituttet eller på arbeid som i hovudsak er utført mens dei var tilsette i instituttet.
4 Fagleg utvikling
4.1 Driftsgranskingar
4.1.1 Formål
Driftsgranskingane har i alle år hatt fleire formål. Opphavleg, dvs. frå 1911, var det mest som grunnlag for driftsøkonomisk analyse og planlegging. Det var også ei viktig datakjelde for undervisning og rettleiingsarbeid. Så vart resultata tillagt vekt i prisfastsetjing for jordbruksvarer. Driftsgranskingane skulle og vise den økonomiske utviklinga i landbruket generelt, og vise utviklinga på grupper av bruk når det gjeld innsats av produksjonsmiddel, produksjon og økonomisk resultat. Dette vart etter kvart ei indirekte rolle ved at driftsgranskingsbruka var nytta som typebruk for dei modellbruka og referansebruka som var og er nytta i jordbruksforhandlingane.
Formålet var presisert som «å ha gående en kontinuerlig driftsøkonomisk kartlegging av jordbruket i de ymse jordbruksområder og for jordbruket under ett.» «Kontinuerlig» vil i denne samanhengen bety minst to ting. Det eine er at undersøkinga skulle gjerast kvart år. Det andre er at ein skal kunne jamføre resultat over tid. Dette betyr at ein må ha gode grunnar for å endre prinsipp og metode. Gjennom dei 50 åra som har gått sidan 1947, har det likevel vore fleire endringar i statistikken. Desse har dels kome som resultat av ytre hendingar, dels som resultat av at meir av det ønskjelege har vorte mogeleg, og dels fordi det ønskjelege har endra seg.
4.1.2 Datagrunnmaterialet
Då NLI vart oppretta, hadde driftsgranskingar vore drivne i meir enn 35 år av Norges Vel og hadde fått ei relativt fast form. Det var ei todelt driftsgransking. «Undersøkelser over Jordbrukets driftsforhold» omfatta bruk over 50 dekar, mens «Regnskapsresultater fra småbruk» galdt bruk med mindre enn 50 dekar. Då NLI overtok, vart dei to granskingane slegne saman. Seinare hadde ein regel om at inntekt frå bruket skulle utgjere ein stor del av brukarfamiliens samla nettoinntekt. Det skulle vere «yrkesmessig drivne bruk». Difor minka talet på små bruk i granskinga. For å skaffe data for småbruk, vart det halde nokre spesielle driftsgranskingar for små bruk. Den siste galdt små bruk i Gudbrandsdalen og vart utført for året 1972. Dei seinare åra har ein lempa på kravet til kor stor del av nettoinntekta som skal kome frå bruket.
Granskinga bygde på fullstendige rekneskap for jordbruksfamilien og omfatta både drifts- og privatutgifter. Så vidt vi har funne ut, var hovudinnvendinga mot driftsgranskingane at materialet var for lite til å vere representativt. Det var få eller ingen innvendingar mot rekneskapsprinsippa som var nytta. Berre ein fekk tilstrekkeleg mange bruk med i granskinga og med god nok fordeling av brukstypar og distrikt, var granskinga god nok. For å få tilstrekkeleg mange bruk måtte ein ha ein representasjon på minst 0,5 prosent og helst 0,8 prosent av alle bruk. På dette grunnlaget kom ein til at ein måtte ha minst 1 000 bruk med.
Første prioritet vart gitt til å nå dette talet, og det vart nådd for rekneskapsåret 1949-50. Ein kan sjølvsagt spørje om det var mogeleg både å få god representativitet og rask auke i talet på rekneskapsvertar. Mange rekneskapsvertar har vorte rekrutterte gjennom rekneskapslag, og deltaking i driftsgranskingane har alltid vore frivillig. Vi har grunn til å tru at medlemene av rekneskapslag var meir enn middels interesserte i økonomi. Elles var det nok mange som førte rekneskap for å spare skatt. Gjennom rekneskap kunne brukarane dokumentere at inntekta var lågare enn det likningskontoret meinte. Både Hagem (1980:231) og NLI (1966:32) nemner at overgangen frå prosentlikning til direkte likning i 1954, og innføringa av rekneskaps- og noteringsplikt i samband med dette, gjorde det lettare å få tilstrekkeleg mange rekneskap og ei representativ fordeling.
No startar i stor grad driftsgranskingsarbeidet med oppgjorde skatterekneskap, som så vert reviderte og omarbeidde etter driftrekneskapsprinsipp. Dette arbeidet er omstendeleg og tidkrevjande. Ei årsak til det er at ein vil ha fleire produksjonstekniske data enn det som finst i skatterekneskapen. Ei anna årsak er at ein har lagt stor vekt på kontinuitet i materialet, mens skattereglane har vore mindre stabile. Vi kan t.d. nemne innføring og avvikling av skattemessige fondsavsetjingar, overgang frå lineære avskrivingar til saldoavskriving (1982), endringar i verdsetjingsprinsipp for varelager og buskap (1975), skattereformen i 1992 og seinare justeringar av reglane for t.d. avskriving og deling av inntekt. Ein har i driftsgranskingane forsøkt å luke bort verknader av slike endringar. Til dømes såg ein bort frå avsetjing og bruk av fond i inntektsmålinga. Derimot hadde ein ikkje grunnlag for å seie at visse investeringar var skattemotiverte og andre ikkje. Investeringar som var sterkt påverka av reglane om skattemessige fond, var behandla på lik linje med andre investeringar. Ein fekk såleis fjerna inntektseffekten av skattemessige fondstransaksjonar, men ein fekk ikkje fjerna inntektseffekten av skattemotiverte investeringar.
4.1.3 Inndeling og presentasjon
Norges Vel publiserte resultat både for enkeltbruk og for grupper. Det var to kriterium for gruppeinndeling: område og bruksstorleik (areal). Formålet med enkeltbrukstala var å gje interesserte lesarar høve til å dra nytte av andres erfaring ved driftsorganisering og planlegging. Ein slik omtale vart ofte svak på grunn av plassomsyn. Allereie ved publikasjonen for 1948-49 vart det slutt på å presentere resultat for alle bruka kvar for seg. I staden presenterte ein resultat for nokre einskilde bruk som skulle vere typiske for sine driftsformer.
Dette var på mange måtar første leddet i arbeidet med å få ei driftsforminndeling av materialet. Å publisere resultat for typiske bruk var likevel ein kortvarig episode, og rekneskapsåret 1951-52 er det siste med enkeltbrukstal. Behovet for driftsforminndeling auka i takt med endringa frå allsidig til spesialisert drift i jordbruket. Ein viktig føresetnad for å kunne innføre driftsforminndeling i tillegg til inndeling etter område og jordbruksareal var at ein i 1963 tok i bruk holkort og EDB-maskinar i utrekning av resultat. Før dette var gjort, ville ei inndeling etter tre kriterium, skapt eit uoverkomeleg reknearbeid. Driftsforminndeling av materialet vart fullt ut gjennomført i 1964.
Då rekneskaps- og noteringsplikt vart innført i 1954 gjekk driftsgranskingane over til å følgje kalenderår. Samtidig var det andre viktige endringar i prinsipp, metode og presentasjon. Ei prinsipiell endring var at hovudbygningen vart halden utanom jordbruksrekneskapen. Kostnadene vart overførte til privat, og det vart ikkje inntektsført husleige til privat på jordbruket. Ein tok ut avsnittet om hushaldsutgifter.
Tal for produksjonsinntekter og kostnader hadde før blitt presentert per dekar. I 1954 gjekk ein over til å presentere tal per bruk. Samtidig gjekk ein over til å nytte veging. Først rekna ein ut vanlege aritmetiske middeltal for grupper, og veginga skjedde ved utrekning av totaltal. Kvar gruppe fekk ei vekt som svara til fordelinga av bruk etter jordbruksteljinga. I tillegg til alt dette endra ein kriterium for geografisk inndeling. Fram til og med 1953 nytta ein ei distriktsinndeling. Frå og med 1954 nytta ein ei inndeling i naturlege jordbruksområde.
Veginga vart oppheva frå og med 1958. Argumentet var at ein med statistikken ville ha et best mogeleg representativt bilete av eigentleg jordbruksdrift, og ved uttaking av deltakarar hadde ein prøvt å få med bruk der drifta var lagt opp etter driftsøkonomiske prinsipp. Utvalet var ikkje, og var ikkje meint å vere, representativt for alle bruk. Det var difor ingen grunn til å vege bruka som om materialet var representativt. I alle år etterpå har ein nytta aritmetiske gjennomsnitt. Dei andre inndelingane har vore meir varige, sjølv om ein skifte kriterium for områdeinndeling frå og med rekneskapsåret 1972. Sidan har ein nytta ei inndeling i fem landsdelar og tre av desse er igjen delte i to slik at ein har åtte område.
Alle desse endringane gjer at ein må vere svært varsam med å samanlikne tal før og etter 1954 og før og etter 1958.
4.1.4 Skogbruksgransking
I og med at rekneskapssystemet omfatta all økonomisk aktivitet og bruk av inntekt, var skogbruk med når ein i driftsgranskingane skulle rekne ut samla resultat. Skogbruket var likevel relativt summarisk behandla, og det var ikkje noko driftsøkonomisk analyse slik som for jordbruket. Kombinasjonen av jord- og skogbruk har alltid vore vanleg i norsk landbruk, og gjennom granskingar av driftsproblem i jordbruket hadde det vorte meir og meir klart at ein ikkje kunne sjå på jordbruket isolert. Gardsskogbruket var eit forsømt felt for driftsøkonomisk forsking. Både frå jordbruks- og skogbrukssynspunkt var det ønskeleg å få gardsskogbruket driftsøkonomisk belyst. Frå skogbrukshald var det særleg Skogdirektøren og Det norske Skogselskap som viste interesse for saka og gav den verdfull støtte.
Ei spesiell driftsgransking for skogbruket kom i gang frå 1950 med midlar frå NLVF. Ein ville «...forsøke å belyse en del problemer på de felter der jordbruksdrifta og skogbruksdrifta støter sammen eller utfyller hverandre. Det gjelder særlig utnyttingen av arbeidskraften og drakraften, problemer i forbindelse med mekanisering, skogsbeite osv.» (NLI, 1952, del 2 s. 108). Den første granskinga omfatta 12 bruk i skogbygdene i Agder.
Publikasjonen for 1951-52 (del 2) har ein omtale av kor stor del gardsskogen utgjer av det totale overskotet for garden.
Frå desse prøveprosjekta må ein så fram til rekneskapsåret 1962 før gardsskogbruket er omtala i driftsgranskingspublikasjonen. Dette betyr ikkje at instituttet ikkje arbeidde med skogspørsmål, men det skjedde gjennom andre aktivitetar enn dei vanlege driftsgranskingane.
For 1962 gjorde instituttet ei driftsgransking av gardsskogbruket på alle bruka som var med i driftsgranskingane i jordbruket i Vest-Agder. Frå og med 1964 har det så vore kontinuitet i driftsgranskinga i skogbruket. Første året var rett nok berre 16 bruk frå Agder og Trøndelag med. Talet auka til 68 i 1965, og har sidan auka til rundt 250 dei siste åra. At gardsskogbruket kom sterkare med, vart symbolisert ved at publikasjonen for 1972 skifte namn frå «Driftsgranskinger i jordbruket» til «Driftsgranskinger i jord- og skogbruk».
4.1.5 Hagebruksgranskingar
Jordbrukets Rasjonaliserings- og Produksjonskomité av 1946 skreiv m.a. at «Med tanke på den rolle gartneri- og hagebruksnæringen i dag spiller for vår matforsyning, er det naturlig at Norges Landbruksøkonomiske Institutt tar opp granskingsarbeid på dette området.»
Dette vart følgt opp, og fram til og med rekneskapsåret 1951/52 inneheld driftsgranskingspublikasjonen eit kapittel om hagebruksgransking. Deretter er det slutt. Likevel er det samla inn og gjort opp rekneskap for hagebruk, m.a. for å kunne lage modellbruk med frukt og tomatar. Materialet har og vore nytta i prosjektarbeid. Instituttet har såleis arbeidt med hagebruksøkonomi, men ein har publisert dette utanom den vanlege driftsgranskingspublikasjonen.
4.1.6 Andre nærliggjande oppgåver
Det har heilt sidan starten vore ein del oppgåver som har hatt nær samanheng med driftsgranskingane. Utvikling av system og skjemamateriell for rekneskapsføring er ei slik oppgåve. Slike system og materiell har dekt trongen både for det «vanlege» landbruket og for meir spesielle oppgåver som fellesbeite. Ein naturleg lekk i arbeidet har og vore utvikling av kontoplanar. Så lenge systemet med meirverdi- og investeringsavgift har vore nytta, har instituttet utarbeidd ein «momsnøkkel». Denne har kome i 19 utgåver.
Dei første åra hadde instituttet ein god del arbeid med fellesfjøs. Bakgrunnen var at det i 1947 vart ytt statstilskot til å skipa to fellesfjøs. Denne støtta vart gjeven fordi ein såg på tiltaka som eksperiment med samdrift om fjøs. Instituttet fekk i oppdrag å vere kontakt for Landbruksdepartementet for desse to fjøsa, og laga skulle stille rekneskapa til rådvelde for instituttet. Vi er ikkje sikre på kor lenge instituttet fekk tilsendt rekneskap, men det eine fjøset vart selt i 1956 så for det var det i alle fall slutt då. Andre analysar har vore basert på at materiale frivillig har vore stilt til rådvelde for analyse.
I mange år administrerte instituttet eit tilskot til rekneskapslag. Siste året for dette tilskotet var 1987. Etter det fekk instituttet ansvaret for eit tilskot til driftsøkonomisk rettleiingsarbeid. Siste året for dette var 1991.
4.1.7 Bruk av materialet i forsking
Driftsgranskingsmaterialet har vore ei viktig datakjelde for forsking både i og utanfor NLI. Likevel har nok dei som har arbeidd med granskingane, ofte meint at forskarane i NLI har nytta materialet for lite. Til dømes skreiv redaktøren av Driftsøkonomen i 1970 at «Forskerne våre har tidligere hatt en tendens til å overse driftsstatistikken. Heldigvis er det ikke slik lenger, og det er vi som hovedsakelig arbeider på denne fronten glade for.» Likevel har nok dei som hovudsakleg har arbeidd med forsking, seinare enn dette fått klager på at dei ikkje verdset materialet høgt nok. Vi har ikkje undersøkt kor mange prosjekt eller rapportar materialet er nytta i, men hadde vi talt opp, ville talet blitt stort. Driftsgranskingsmaterialet har vore til stor nytte i forskinga.
4.1.8 Utsikter
Arbeidet med driftsgranskingane har alltid utgjort ein stor del av den totale arbeidsinnsatsen, og dermed ein stor del av kostnadene i instituttet. Spesielt dei siste 10 åra har det vore eit betydeleg press for å redusere kostnadene. Dette har ein forsøkt å få til ved å forenkle arbeidet, t.d. ved meir bruk av EDB, og ved endringar av organiseringa. Ein har forsøkt å redusere arbeidet med kvart rekneskap og halde oppe talet på rekneskap. I 1997 har ein likevel funne å måtte redusere dette talet, og for rekneskapsåret 1996 hadde ein for første gong sidan 1950 ikkje fullt 1000 rekneskap i statistikken, men 976 rekneskap. Vi er likevel sikre på at materialet er så viktig at driftsgranskingane vil leve lenge enno.
4.2 Modellbruk
Eit opplegg for konstruksjon av modellbruk var presentert av Reisegg og Veel i 1959. I innleiinga til rapporten peikar dei på at totalbudsjettet for jordbruket gir ei oversikt over økonomisk samanheng og venta utvikling for næringa samla sett. Ved næringsøkonomiske vurderingar er det og behov for å vite korleis endringar (i prisar og andre tiltak) vil verke på produksjonseiningane, dei enkelte bruka. Når ein tidlegare hadde studert verknadene på enkeltbruk, skjedde det ved hjelp av kalkylar. Desse bygde gjerne på eit meir eller mindre tilfeldig utval og var ikkje alltid like representativt. Skjøn kan ha vore avgjerande for val av føresetnader, og utrekningane har ikkje alltid gitt eit objektivt bilete av situasjonen. Det var difor eit stort behov for eit kalkyleoppsett som var raskt å arbeide med, og som kunne gje eit meir representativt bilete av situasjonen for ulike område og for ulike brukstypar. Reisegg nemner at det i internasjonal samanheng var viktig å kunne leggje fram utrekningar av produksjonskostnader (sjå Reiseggs artikkel i denne publikasjon). Utviklinga av modellbruka var ei oppfølging av dette.
Driftsstatistikken var det materialet som var best eigna som grunnlag for å konstruere modellbruk, men det var behov for fleire produksjonstekniske og kvantitative data. Modellbruka skulle vere typiske (representative) for definerte område, driftsformer og bruksstorleik. Når dette var definert, skulle ein så finne fram til eit utgangsbruk som hadde om lag same totalareal, arealfordeling og husdyrhald som gjennomsnittet for bruka modellen skulle representere. Utgangsbruket skulle ein finne i driftsgranskingsmaterialet. År om anna kunne forholda på utgangsbruket vere «unormale». Dette skulle ikkje påverke resultatet av utrekningane. Det kunne og vere andre forhold som gjorde at utgangsbruket ikkje var representativt. Difor var det naudsynt å dempe utgangsbrukets karakter. Dette skulle ein gjere på grunnlag av registreringar for typebruk. Det burde vere minst 20-25 typebruk for kvar modell. Typebruka skulle nyttast til å «normalisere» utgangsbruket.
Utover i 1960-åra arbeidde instituttet ein god del med å utvikle modellbruksutrekningane. For 1962 hadde ein 11 modellbruk (Ueland, 1965), og dette talet endra seg lite gjennom 1960-åra. Dei første åra baserte instituttet modellbruka i prinsipp på utgangsbruk. Ueland (1965) skisserer likevel eit alternativ basert på gjennomsnittstal for typebruka. Etter kvart var det denne måten som overtok.
Ueland (1965:7) nemner følgjande bruksområde for modellbruka i forskings- og utgreiingsoppgåver: Sjølvkostutrekningar for produserte varer under noverande og alternative driftsvilkår; førebels utrekning av inneverande års driftsresultat, t.d. for å kalkulere verknader av avlingssvikt eller andre spesielle driftsvilkår; kortsiktig og langsiktig driftstilpassing; verknader på driftsresultat av endringar i prisar, trygder, tilskotsordningar og produksjonsteknikk.
Modellbruka var ein god del nytta i forskings- og utgreiingsarbeid i NLI. Allereie i 1963 nytta NLI modellbruka for å gjere utrekningar som viste effekten for jordbruket av norsk EF-medlemskap. Det same vart gjort når EF-medlemskap var aktuelt seinare, t.d. i 1967-72 og i 1990-åra. Modellane vart og nytta for å vurdere verknader av jordbruksavtalen t.d. i St. meld. nr. 57. (1970-71). Også etter at modellane vart landbrukspolitisk måleinstrument, har dei vore mykje nytta i ymse forskings- og utgreiingsarbeid.
Både Jordbrukets Avsetningskomité av 1956 (1960:221) og Jordbrukskomitéen av 1956 (1960:118) foreslo modellar som materiale for vurdering av inntektsforhold og for utforminga av jordbrukspolitiske tiltak. Bruken av modellar vart drøfta i St.meld. nr. 60 (1964-65) utan det førte til noko i praksis.
Etter inntektsopptrappingsvedtaket i 1975 var det behov for ei meir nøyaktig måling av inntektene i jordbruket. Det vart bestemt at ein skulle nytte modellbruk til å måle inntekt og inntektsutviklinga i jordbruket og inntektene på typar av gardsbruk. I og med at inntektsmålet var knytt til eit effektivitetskrav, måtte ein og ha effektivitetskrav i modellane. Ein fekk eit sett med normeringar, i tillegg til normaliseringa. Normeringane galdt arbeidsforbruk, mekanisering, fôring og avdrått. Modellarbeidet vart todelt. NLI utarbeidde modellar etter same hovudprinsipp som før basert på typebruksregistreringar og normaliseringar. Desse modellane vart kalla basismodellar. Budsjettnemnda for jordbruket overtok så desse modellane, gjorde dei politisk fastsette normeringane og laga operative modellar. Modell- og referansebruk er nærare omtala av Haglerød og Godli (se nedenfor).
Utover på 1970- og 1980-talet utarbeidde instituttet også ei rekkje år modellar for utbyggingsbruk.
4.3 Forsking og utvikling
4.3.1 Forsking ein viktig del av aktiviteten i instituttet
Både driftsgranskingsarbeidet og prøvebruksarbeidet inneheldt mykje forskings- og utviklingsarbeid (FoU-aktivitet) dei første åra. Dette FoU-arbeidet er omtala ovanfor. Nedanfor omtalar vi annan FoU-aktivitet.
Instituttet sette hausten 1948 i gang husdyrgranskingar. Desse granskingane var ledd i den driftsøkonomiske analysen av jordbruket, og dei var utført på andre bruk enn dei som var med i driftsgranskingane. Granskingane bygde ikkje på fullstendige gardsrekneskap, men på særrekneskap for dei einskilde husdyrslaga. Særrekneskapa var eit slags utdrag av gardsrekneskapen. Formålet med husdyrgranskingane var formulert slik:
«Eit viktig mål for granskinga er å staka ut vegen for eit meir lønsamt husdyrhald innan dei einskilde områda. Ut frå det materialet som er lagt fram, vonar ein å finna feste for vurderingar og visse omleggingar som ein i einskilde høve meiner kan vera laglege for den økonomiske verksemda på garden. For å syna korleis einskilde husdyrhaldarar har lagt opp eit rasjonelt og tidhøveleg husdyrhald, har ein teke for seg og granska nærare eit storfehald, eit sauehald og eit geitehald. » (Kvaal, 1954).
Instituttet fekk relativt raskt midlar frå NLVF til spesielle forskingsprosjekt. Det første prosjektet var «Effektiviteten ved ulike driftsformer i norske kyst- og fjellbygder» som vart planlagt våren 1950, og sommaren 1950 vart 100 fjellgardar besøkte av NLI-tilsett personale.
Litt seinare hadde instituttet ei omfattande analyse av jordbruket i leirjordsbygdene. Då tok ein i bruk produktfunksjonsanalyse. Dette var inspirert av professor Glenn Johnson og var eit pionerarbeid i norsk, økonomisk forsking. Samandrag av rapporten vart utgitt på Sosialøkonomisk institutt, Universitetet i Oslo (Bruland, Reisegg, Sandberg, 1965), og var pensum der i mange år. Seinare er det gjort fleire tilsvarande områdeanalysar. Område- og distriktsproblematikk er og teke opp i samband med prosjekt om ringverknader av jordbruk og jordbrukets foredlingsindustri og i analysar av jordbruket sin betydning i distriktsøkonomisk samanheng.
For instituttet var det naturleg å arbeide med to oppgåver innan arbeidsforsking: å analysere arbeidsmengda i jordbruket og å granske om og korleis det var mogeleg å betre arbeidsorganiseringa. Allereie i 1947 sette instituttet i gang ei orienterande gransking av arbeidet i jordbruket. Hovudmålet var å skaffe betre data til støtte for arbeidsorganiseringa, spesielt ved oppstilling av driftsplanar. Eit anna mål var å undersøkje årsakene til dei store skilnadene i arbeidsforbruk. Denne granskinga varte til 1953. Fram til midten av 1960-åra var arbeidsgranskingar eit omfattande arbeidsområde i NLI. Etter 1965 vart det gjort lite på området før NLI i 1980-åra tok opp at arbeidet. Då og var det eit hovudformål å skaffe betre data for driftsplanlegging.
Analysar i samband med mekanisering har nær samanheng med arbeidsgranskingar. Kostnader ved hest og traktor som trekkraft vart samanlikna. Ein vurderte bruk av vinsj. Seinare har ein sett på handteringslinjer i grashaustinga og mekaniseringsøkonomi meir generelt. Instituttet har gjort fleire analysar av samarbeidstiltak i landbruket. Det gjeld m.a. samdrift, fellesfjøs, fellesbeite, maskinringar og maskinstasjonar.
Instituttet tok relativt tidleg i bruk optimaliseringsmodellar, spesielt lineær programmering. Først var nok tanken å nytte metoden i planlegging for enkeltbruk, sjå pkt. 4.3.2. Dette fekk aldri noko stort omfang. Derimot vart metoden mykje nytta i forskingsarbeid for å avklare korleis ein kunne vente at brukarane ville reagere på endringar i rammevilkår.
Lenge var forskinga konsentrert om effektivisering av drifta på dei enkelte bruka. I praktisk politikk var utbygging av berekraftige familiebruk eit mål. Dei bøndene som investerte i ny driftsbygning, utvida ofte produksjonen sterkt. Den sterke utvidinga kunne føre til vanskar både for den som bygde, men og for marknadsbalansen. NLI (NILF) har hatt fleire prosjekt som har kasta lys over kapitalproblem i jordbruket og spesielle problem som utbyggingsbruka gjerne slit med.
Effektivisering av jordbruket hadde to mål: (1) å sikre vekst i norsk økonomi og (2) å bidra til at bøndene fekk betre økonomiske kår. Instituttet har heile tida lagt mykje arbeid i å registrere bøndenes økonomiske kår, men det har og fleire gonger rekna på produktivitetsutviklinga i jordbruket og andre næringar.
Deltidslandbruk er eit anna tema som har samanheng med tilpassingar på enkeltbruk og strukturutvikling. Det kom fleire publikasjonar om dette i 1970-åra. Industrivekst i landbruksmiljø er eit «beslekta» tema som vart teke opp i denne tida.
Rundt midten av 1970-åra var det stor interesse for økonomien i dei enkelte produksjonane og dei strukturelle utviklingstrekk som ein kunne vente. Instituttet hadde i siste halvdel av 1970-åra og inn i 1980-åra mange analysar av økonomi og framtidig struktur i ymse produksjonar (Mjølk, gris, sau, rein, pelsdyr og korn).
Etter inntektsopptrappingvedtaket i 1975 auka interessen for analyse av verknader av landbrukspolitiske tiltak (verkemiddelanalyse). I mange samanhengar var forskinga gitt ei todelt rolle. Forskinga skulle vere ein reiskap for å utforme styresmaktene sin politikk, og setje kritisk lys på mål og verkemiddel i politikken. Mellom anna fordi mykje av forskinga var eksternt finansiert, og det var lettare å få finansiert analysar som departement og regjering kunne nytte i gjennomføringa av politikken, vart instituttet sin innsats helst konsentrert om den første oppgåva. Forskarane var kanskje ikkje flinke nok til å peike på behovet for kritisk forsking. Også i landbrukspolitisk forskingsprogram som starta midt i 1980-åra, var verkemiddelanalyse sentralt tema. Når politikken vart sett under lupa i slutten av 1980-åra, oppstod det behov for kunnskap om anna enn korleis ein skulle gjennomføre gjeldande politikk, og forskinga trengde omrømingstid før det kom relevante resultat.
Når EEC-medlemskap hadde vore aktuelt tidlegare, det vil i hovudsak seie i tida 1962-72, hadde NLI utført fleire utgreiingar for Landbruksdepartementet av mogelege konsekvensar for norsk landbruk. I stor grad var desse utgreiingane sende over til departementet og ikkje offentleggjorde i instituttet sine publikasjonsseriar.
Då EU-medlemskap vart aktuelt etter 1990, fekk NILF og utgreiingsoppdrag frå m.a. Landbruksdepartementet og landbruksorganisasjonane, men instituttet tok og opp konsekvensanalysar på eiga hand. Det same galdt verknader av GATT-avtalen. Dei sektormodellane som var og vart utvikla, gjorde at ein hadde analyseverktøy slik at ein kunne analysere spørsmåla på andre måter enn før. Desse modellane vert også nytta i dag som støtte ved utforming av landbrukspolitiske tiltak.
I høve til dagens landbrukspolitikk og interesser for bygdeutvikling og nye næringar, er det interessant at instituttet tok opp spørsmål omkring bygdeturisme midt i 1960-åra og fiskeoppdrett i første halvdel av 1970-åra.
4.3.2 Nye metodar for analyse og planlegging
Allereie frå starten arbeidde NLI med metodikk for analyse og planlegging. Den første særmeldinga frå NLI, som vart utgitt i 1952, handla om langtidsplan for eit gardsbruk. Budsjettmetoden var då og i fleire år etterpå nærmast einerådande som planleggingsmetode. Karakteristisk for metoden var at ein for kvart driftsplanutkast først stilte opp ein produksjonsteknisk plan for heile garden og deretter stilte opp eit totalbudsjett med inntekter og kostnader. Ut frå dette vart ymse resultatmål rekna ut og vurderte.
Utvikling av analyse- og planleggingsmetodar var eit viktig arbeidsfelt mot slutten av 1950-åra og utover i 1960-åra. Både jordlova av 1955 og nye finansieringsordningar for driftsbygningar stilte større krav til driftsplanar. Dessutan var mange bønder interesserte i å få analysert drifta og utarbeidd driftsplanar.
Under og etter den andre verdskrigen vart lineær programmering utvikla som optimeringsmetode. Landbruksøkonomane fatta relativt tidleg interesse for denne metoden. Dette galdt og i Noreg. Det var interesse for metoden både som metode i forskinga, men og i driftsplanlegging. NLI publiserte i 1958 ein rapport om lineær programmering som metode i driftsplanlegging. Med den tids (manglande) tilgang på datamaskinar var metoden svært arbeidskrevjande. Det vart difor arbeidt ein god del med forenklingar både i Noreg og andre nordiske land. Kontakten mellom forskarane var god, m.a. gjennom seminar i regi av Nordiske Jordbruksforskeres Forening (NJF).
Giæver (1961) utvikla prosessmetoden som var ein forenkla versjon av lineær programmering, og som det var mogeleg å nytte manuelt. Lars Afdal utvikla dekningsbidragsmetoden eller snarkalkylemetoden. Denne bygde på tankegangen frå lineær programmering og prosessmetoden. Ein utarbeidde dekningsbidragskalkylar med spesifiserte føresetnader om produksjonstekniske tilhøve og prisar. Dekningsbidragskalkylane vart utrekna for bestemte einingar, t.d. eit dekar av ein bestemt vekst eller ei årsku, og likna på kalkylar for prosessane i LP og prosessmetoden. For å gjere arbeidet enkelt nytta ein normtal og standardtal så langt råd var. Ved å endre på desse, eller å endre på kor mange einingar ein hadde av kvar «prosess», kunne ein relativt enkelt rekne ut alternative planar. Det var såleis inga optimalisering, men enklare å få fram føresetnader og resultat av fleire driftsalternativ, slik at ein fekk fleire alternativ å velje mellom. Etter kvart vart dekningsbidragsmetoden nærast einerådande i undervisning og i praktisk driftsplanlegging.
Mange (dei fleste) norske gardsbruk har både jordbruk og skogbruk. Jord- og skogbruk har både i undervisning og administrativt ofte vore handsama kvar for seg. I årsrapporten for 1962 skriv instituttet at «Kombinert planlegging jord-skog har hittil vært lite påaktet, blant annet fordi en har manglet kjennskap til hvordan en bør gå fram når en skal utarbeide koordinerte planer.» Instituttet hadde difor analysert ein del av dei problema som kan oppstå ved koordinert drift av jordbruk og skogbruk, og søkt å komme fram til tenlege metodar og framgangsmåtar for ei slik kombinert planlegging. Det vart utvikla to system for kombinert planlegging; eitt av NLI og eitt av Lågendalen Skogeierforening og Buskerud landbruksselskap.
Å utarbeide ein fullstendig driftsplan ved hjelp av blyant, papir og ei reknemaskin kravde eit betydeleg reknearbeid. Rett nok kunne ein spare noko ved å nytte standard- og normtal, men likevel var det arbeidskrevjande å lage planar. Spesielt om ein skulle lage alternative planar, og helst revidere planane etter som sjølve planarbeidet gav ny innsikt. Utover i 1980-åra kom det små og billege datamaskinar og relativt brukarvenlege program, t.d. rekneark. Det vart lagt ned eit betydeleg arbeid i å overføre dei manuelle reknerutinane til EDB-rutinar, og samtidig utnytte den nye teknikken til å rekne ut ting som før ikkje hadde vore arbeidsmessig overkommeleg. Utviklinga i EDB-teknikken gjorde det ønskeleg å revidere programma relativt ofte. Denne utviklinga kom samtidig med sterk reduksjon i bruksutbygging og utlån til driftsbygningar i landbruket. Dette reduserte etterspørselen etter tradisjonelle driftsplanar, men i staden vart programma nytta for å lage planar for andre utbyggingsformål.
4.3.3 Sektoranalysar
Elektroniske datamaskinar og programmeringsmetodar vart, som nemnt, først tekne i bruk for analyse av driftstilpassing på og for enkeltbruk. Rundt 1960 tok Harry Langvatn ved NLI opp arbeidet med å nytte dei nye reiskapane på næringsøkonomiske analysar. Formålet med arbeidet vart formulert slik:
| «A. | | På grunnlag av foreliggende muligheter på markedet for jordbruksvarer i inn- og utland på den ene side, og bruksstruktur, kostnader og produksjonskapasitet i norsk jordbruk på den annen vil en undersøke: |
| | | a. | | hvordan jordbruksproduksjonen skal fordeles mellom bruk og områder for at samlet kostnad for dekning av hjemmemarkedets behov, korrigert for eventuell gevinst ved eksport, skal bli minst mulig. |
| | | b. | | størrelsen av grensekostnadene for de viktigste jordbruksprodukter, og |
| | | c. | | samlet areal- og arbeidsbehov i jordbruket på kortere og lengre sikt. |
| B. | | Undersøke hvordan resultatene av totalmodeller kan nyttes til støtte for individuell driftsplanlegging, bygdeplaner og jordbrukspolitikk.» (Langvatn, 1964 s. 11-12). |
Arbeidet var i hovudsak eit metodestudium. For å få utført reknearbeidet, måtte Langvatn sende holkort til Paris.
Arbeidet med totalmodellar vart ført vidare i 1970-åra då Leopold Norum utvikla ein rekursiv, lineær programmeringsmodell for analyse av landbrukspolitiske verkemiddel. Dette var eit oppdrag frå Landbruksdepartementet. Rekursiv betyr at ein deler inn i tidsperiodar, og let resultata frå ein periode vere føresetnader for neste periode. Denne modelltypen var samtidig brukt i mange analysar av t.d. dansk landbruk. Slike modellar er eigna til å gje prognosar for kva utvikling ein kan vente dei næraste åra, gitt visse utformingar av politikk og verkemiddel. Ein får betinga prognosar. Modellen vart oppdatert og nytta i mange analysar i NLI til rundt 1990.
Rundt 1990 var interessa flytta over til likevektsmodellar. Utviklinga av slike modellar for landbruket starta ved Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning (SNF) i 1985. Datagrunnlaget var henta frå modellbruka. Modellsystemet (JORDMOD) vart utvikla vidare, dels i samarbeid mellom SNF og NILF og dels av dei to institusjonane kvar for seg. Dette modellsystemet var viktig i landbrukspolitiske analysar ved utgreiingar for m.a. i samband med vurdering av resultatet av GATT-forhandlingane og ved vurdering av konsekvensar for norsk landbruk ved norsk EU-medlemskap. Eit problem med slike modellar er at tidsdimensjonen er borte. Ein får rekna ut ein likevektssituasjon, gitt dei spesifiserte føresetnadene, som det er grunn til å tru at utviklinga vil gå i retning av, men ein veit ikkje kor raskt utviklinga vil gå og kor lang tid det vil gå før ein når til likevekt. Til samanlikning av politikkalternativ vil skilnader i likevektssituasjon gje nyttig informasjon.
Ein fjerde modell er Sjølvforsyningsmodellen. Sjå artikkelen av Haglerød og Godli i denne publikasjonen.
Slike analysar har vore viktige reiskapar for å vurdere samanhengar mellom landbruket i dei enkelte landsdelar og mellom produksjonar. Ein har i mindre grad modellert samanhengen mellom landbruket og resten av samfunnet. Sagt i modellspråk: resten av samfunnet har vore ein eksogen variabel.
4.4 Rådgjeving og informasjon
Stortinget gjorde 1. november 1948 vedtak om ymse endringar og nye retningsliner for funksjonærordninga i jordbruket. I den samanhengen vart det m.a. bestemt at rettleiingsarbeidet i driftsøkonomi skulle utførast av Norges landbruksøkonomiske institutt. Tilsvarande fekk Statens plantevern ansvaret for rettleiingsarbeidet i bekjemping av skadeinsekt, plantesjukdomar og ugras, og Landbruksteknisk institutt fekk ansvaret for rettleiingsarbeidet i maskintekniske spørsmål (Landbruksdirektørens årsmelding for 1948). Meir eller mindre formelt har instituttet seinare hatt eit sentralt ansvar for den driftsøkonomiske rådgjevinga. I mange andre fag var det eigne statskonsulentstillingar, og desse vart samla i Statens fagteneste for landbruk. Statskonsulentstilling i landbruksøkonomi vart oppretta i 1985. Statskonsulenten var tilsett i fagtenesta, men hadde kontorplass i NILF. Rådgjevingsarbeid i driftsøkonomi var ei viktig oppgåve for statskonsulenten. Då fagtenesta vart lagt ned i 1996, vart statskonsulentstillinga overført til NILF. I dette kapitlet skal vi omtale instituttets arbeid med driftsøkonomisk rådgjeving.
4.4.1 Prøvebruksarbeidet startar
Gjennom driftsgranskingane registrerte ein oppnådd resultat, men som Jordbrukets Produksjons- og Rasjonaliseringskomité (s.5) hadde peika på, var det ikkje nok å gjere opp rekneskapen og sjå bakover. Ein måtte først og fremst sjå framover. På mange måtar kan vi hevde at ei slik utnytting var bakgrunnen for prøvebruksarbeidet som NLI tidleg kom i gang med.
«Ideen til prøvebrukene sprang i grunnen ut fra de vanlige driftsgranskingene. Det synte seg nemlig at mange av deltakerne etter noen år tok til å drive bedre og bedre. Fra regnskapet hadde de lært å kjenne svakheter ved den gamle drifta, og de så etter hvert hvordan den kunne legges opp på en bedre måte. Dersom en da gikk videre til å planlegge det hele på forhand og helst prøvde seg fram med alternative planer, kunne en sjølsagt bygge på enda tryggere grunn. Og kunne dette endelig legges fram til lærdom for andre, så kunne nye idéer om god og effektiv jordbruksdrift bli spredt videre som ringer i vatn.» (NLI, 1952:53).
På eit prøvebruk hadde gardbrukaren avtale med instituttet om å drive garden etter visse retningsliner, og/eller late instituttet få bestemte data frå drifta. Gardbrukaren hadde det fulle økonomiske ansvaret.
Formålet med prøvebruka har vore å skaffa best mogelege økonomiske og tekniske data for bruk som er i utvikling, bruk med høg effektivitet, eller med spesielle driftsformer. Bruken av prøvebruka har endra seg over tid. Gjennom mange år vart det skildt mellom det ein kalla planleggingsbruk og registreringsbruk. Planleggingsbruk var bruk der hovudsaka var bruksutforming, eller driftsorganisering. Registreringsbruk var bruk med spesielle og nye driftsformer som ein ville ha under observasjon for å følgje med på det nye i tida, og bruk der ein alt hadde funne fram til opplegg som ein ville arbeide mot ved utvikling av eit planleggingsbruk.
Hovudtanken med prøvebruka var elles at ein i tillegg til å skaffe data og kunnskap for planlegging, også skulle vise med praktiske døme kva resultat riktig koordinerte driftsopplegg kunne føre til. Dette skulle gje ringverknader og føre til større interesse for økonomisk planlegging hos dei andre gardbrukarane i området. Prøvebruka var såleis eit viktig rådgjevingsmiddel som også vart nytta i samband med oppfølging av planar for utvikling av landbruket i forskjellige område. Desse bruka vart difor gjevne stor publisitet, serleg i førstninga. Det skjedde gjennom demonstrasjonar på bruka, bruka var opne for tilfeldige og planlagte besøk, og resultat vart offentleggjort gjennom foredrag, fagmøte, lokalpresse og gjennom spesielle rapportar som instituttet gav ut.
Dei 9 første prøvebruka kom i gang frå 1. april 1950. I 1952 var det i gang 15 prøvebruk, og tanken var å auke til ca. 50 prøvebruk, men så kom Benton-Moody-programmet.
4.4.2 Marshallhjelp og Benton-Moody-midlar
Etter initiativ frå utanriksminister George Marshall i 1947 ytte USA store midlar til gjenreisinga av Europa etter den andre verdskrigen. Sjølve Marshallhjelpperioden varte ut 1951. Den amerikanske kongressen vedtok å omforme Marshall-administrasjonen til Den gjensidige sikkerheitsorganisasjonen med verknad frå 1. januar 1952 (Landbruksdirektørens årsmelding for 1952 s. 76).
Så vidt vi kan sjå, kom Marshall-hjelpa og midlar frå Den gjensidige sikkerheitsorganisasjonen NLI til gode ved m.a. reisestipend til NLI-tilsette. Vi har ikkje undersøkt kor mykje midlar som NLI på denne måten fekk nytte av.
Hausten 1953 fekk Landbruksdepartementet 4 millionar kroner av såkalla motverdimidlar frå varehandelen mellom USA og Europa. Pengane skulle nyttast til produktivitetstiltak i jordbruket og skulle vare til 30. juni 1957. Pengane skulle nyttast til følgjande (Lidtveit, 1979:222):
- «Å oppretta ei samordna opplysningsteneste for jordbruk og husstell.
- Å byggja ut rettleiingstenesta, særleg med tanke på driftsplanlegging og kurs for rettleiarane.
- Å byggja ut landbruksopplæringa for jordbruksungdomen ved utvida 4-H-arbeid
- Til hjelp av amerikanske spesialistar.
- Til driftstekniske kurs i skogbruket.
- Til demonstrasjonsskogar.»
Punkt 2 tilsvarer ein avtale inngått 6. november 1953 mellom Landbruksdepartementet og Foreign Operations Administration om prosjektet «Utbygging av veiledningstjenesten i landbruket, særlig med henblikk på driftsplanlegging». Avtalen hadde ei ramme på kr 1.476.700 samla for tre år. Formålet med prosjektet var å «hjelpe til med å øke produktiviteten i norsk jordbruk ved å legge opp en plan for utbygging av den organiserte fagveiledning for gårdbrukeren og hans familie, særlig på driftsplanleggingens område.» I følgje avtalen skulle NLI mellom anna auke talet på prøvebruk frå 50 til 200 ved å opprette 50 nye kvart år. Seinare vart målet justert ned til 170. Det viktigaste formålet med prøvebruksarbeidet var å skaffe eit interesseforum for rettleiingsarbeidet, særleg med tanke på driftsøkonomi. Instituttet skulle dessutan organisere studieringar i driftsøkonomi for gardbrukarar. Det vart og gitt midlar slik at NLI kunne opprette to stillingar i tre år for jordbruksrettleiarar i to kommunar. Avtalen bestemte og at det skulle opprettast ei stilling for statskonsulent i rettleiingsteneste. Denne stillinga vart knytt til Landbruksdepartementets landbrukskontor.
Denne avtalen gjorde det mogeleg for NLI å opprette 15 stillingar, fem ved hovudkontoret, åtte ved distriktskontora eller driftsagronomanes kontor og to driftsplanleggjarar i prøvebygdene (Uvdal og Ramnes). Instituttets prøvebruksavdeling vart oppretta for å drive arbeidet.
Motverdimidlar finansierte og eit opphald av professor Glenn L. Johnson, Iowa State College, i to månader ved NLI i 1955. Glenn Johnsen var då, og lenge etterpå, ein av dei mest kjende amerikanske landbruksøkonomar.
I 1957 fekk Landbruksdepartementet 3 millionar kroner av motverdimidlar til produktivitetstiltak i jord- og skogbruk. Desse pengane skulle vare til 1960. Framleis var utbygging av rettleiingstenesta eit prioritert område. NLI kunne halde fram prøvebruksarbeidet i om lag same omfang som i første treårsperiode, og to nye prøvebygder vart utpeikte (Selbu og Leiranger). Samla sett fekk NLI nær to millionar kroner til prøvebruksarbeidet i åra 1954-60 (Lidtveit, 1979:236).
I perioden 1954 til 1956 var det teke opp 125 prøvebruk. Dette førte til at det i åra 1956-1958 var over 150 aktive prøvebruk. I åra 1954-60 vart det halde over 300 demonstrasjonar på prøvebruka med ca. 13 000 deltakarar, dei fleste bønder eller elevar ved landbruksskular. Resultata av demonstrasjonane var særs lovande (Lidtveit, 1979:222).
Arbeidet med studieringar vart følgt opp ved driftsplanlaga, sjå punktet «Driftsplanlag» nedenfor.
4.4.3 Prøvebruka etter 1960
Talet på prøvebruk gjekk litt etter kvart ned mot 100, og er seinare gått ytterlegare ned slik at det i 1980-åra og byrjinga av 90-åra var mellom 70 og 80 bruk årleg. I 1995 vart namnet på prøvebruk endra til «analysebruk». Det vert no særleg lagt vekt på å skaffe økonomiske data for nye produksjonar, frå bruk med BU-tiltak, eksportretta produksjonar o.l., som eit supplement til driftsgranskingane. Det er no henta inn data frå ca 30 bruk.
Frå prøvebruksverksemda tok til og fram til i dag har instituttet gjeve ut ca 130 trykte og stensilerte meldingar om prøvebruka. I tillegg har materialet vore brukt saman med anna materiale i andre rapportar.
4.4.4 Driftsplanlag
Arbeidet med driftsplanlaga vart teke opp i 1954 som eit ledd i Benton Moody programmet Eit driftsplanlag var ei studiegruppe med 6-10 gardbrukarar med ein studieleiar. Som leiar fungerte ofte heradsagronomen, heradskogmeistaren, skogassistenten eller andre med gode praktiske og teoretiske kunnskapar. Dersom planlegginga galdt kombinert planlegging skog-jord, måtte laget ha både ein skog- og jordbruksfagmann.
Formålet med driftsplanlaga var at gardbrukarane skulle læra å forstå driftsøkonomi ved sjølv å arbeida med problema. Kvar deltakar skulle arbeide ut driftsplan for sin eigen gard.
Driftsplanlaga viste seg å vere eit eigna hjelpemiddel ved rådgjeving i driftsøkonomi. På denne måten kunne ein få breidde i det driftsøkonomiske rådgjevingsarbeidet. Desse laga var veleigna i område der ein ynskte å gå inn med intensiv rådgjeving, og vart såleis nytta i prøvebygder og andre område der dette var aktuelt.
Driftsplanlaga var i gang i en 25 årsperiode, det vil seia lenge etter at motverdimidlane var slutt. Talet var størst frå starten midt på 50-talet og fram til rundt 1970. Etter den tid avtok verksemda og instituttet slutta å organisere driftsplanlag i byrjinga av 80-åra. I heile perioden var det til saman skipa 666 lag med vel 5 200 deltakarar.
Arbeidet med driftsplanlaga førte til eit anna varig resultat: Handbok for driftsplanlegging. Arbeidet med handboka starta i 1954, og boka var først eit hjelpemiddel for driftsagronomane og for arbeidet i driftsplanlaga. Boka var ei samling tabellar og opplysningar som var nyttige i driftsplanlegginga. Etter kvart vart tabellverket utvida og gjennomarbeidd, og i 1957 vart første utgåva med tanke på eit breiare publikum ferdig. Dette var ein samleperm med lausark. Frå og med 1974 har instituttet årleg trykt ei ny utgåve. På det meste var opplaget over 5 000 eksemplar pr. år. Dei siste åra har det vore 3 000-3 500.
4.4.5 Bygdeanalysar og bygdeplanar
Landbruket er ein viktig del av næringsgrunnlaget i mange kommunar. I samband med t.d. kommuneplanar har det vore viktig for kommunane å få analysert kva ressursar som finst i kommunen, korleis desse er utnytta og kva som eventuelt skal til for å betre utnyttinga. Dei første områdeanalysane som NLI utførte, omfatta fjellbygdene og kystbygdene. Seinare kom analysar av leirjordbygdene på Austlandet og fruktbygdene i Hardanger. Alle desse arbeida vart finansierte av NLVF, sjå kapittel 4.3. Gjennom desse arbeida ville ein analysere korleis jordbruket vart drive, kva som var dei mest typiske problema ved jordbruksdrifta, og kva som var mogeleg å oppnå i framtida.
I samband med Benton-Moodymidlane var det valt ut fire prøvebygder (først Uvdal og Ramnes og seinare Selbu og Leiranger) der ein skulle prøve ut effekten av planlegging og intensiv rådgjeving. Rådgjevinga var basert på ein omfattande analyse av jordbruksdrifta og kva mogelegheiter det var for utbygging av jordbruket.
Mange kommunar har opp gjennom åra bedt instituttet om å få utført analysar av jordbruket i kommunen eller i delar av kommunen. I fleire av desse analysane har NLI skissert mogelege utviklingsalternativ og tiltak, men ein har i liten grad vore engasjert i arbeidet med å gjennomføre tiltaka. NLI har i hovudsak analysert jord- og skogbruk. Dette betyr ikkje at ein har meint at dette er dei einaste eller viktigaste næringane for utviklinga i bygdene. Føresetnaden har vore at andre institusjonar skulle analysere dei andre næringane.
Sidan arbeidet med bygdeanalysar og planlegging tok til i byrjinga av 50-åra, har instituttet publisert over 60 slike analysar og planar. Enkelte planar gjeld ei grend, andre ein heil landsdel t.d. landsdelplanen for Nord-Noreg.
Då bygdeutvikling vart eit moteord i forskinga i 1980-åra, vart på mange måtar landbruket ekskludert av ein eller annan grunn. Det såg ut til at mange meinte at bygdeutvikling galdt alt anna enn tradisjonelt landbruk. I beste fall galdt bygdeutvikling det som skulle til for å motverke nedgangen i sysselsetjing og inntekt frå landbruket. Tradisjonelle landbruksinstitusjonar, som NILF, vart tilsynelatande oppfatta som ikkje kompetente til å forske på bygdeutvikling. Likevel har instituttet gjennomført analysar som er relevante for bygdeutvikling same kva meining ein legg i ordet bygdeutvikling.
4.4.6 Driftslag og driftsplanringar
Arbeidet med driftslag starta alt i 1947. I tillegg til arbeid med driftsstatistikken var det tanken at desse laga også skulle fungere som rådgjevingskontor for driftsplanlegging. Ei tid var det ca 80 driftslag i gang, men den nye skatteordninga og delvis innstramming i tilskotsordningane førte til at dei fleste laga vart omgjorde til reine rekneskapslag. Driftsplanlaga som er nemnde ovanfor, var også eit viktig middel for å få ut driftsøkonomisk tenking og praksis til yrkesutøvarane i landbruket. Denne aktiviteten auka så mykje at kapasiteten ved landbruksselskapa og ved NLI vart for liten til å dekkje etterspørselen.
For å bøte på dette tok instituttet opp arbeidet med driftsplanringane. idéen hadde sitt utspring i røynsler frå arbeidet i driftslaga. Det som likevel gav støyten til driftsplanringane, var ein studietur til USA i 1957 for europeiske jordbruksøkonomar, organisert av OEEC (Kvaal og Wiersholm, 1965:3-4). I Illinois studerte gruppa korleis Farm Bureau Farm Management Service dreiv privat, men statsstøtta driftsøkonomisk rådgjeving. Instituttet tok til med arbeidet å tilpasse denne ordninga i 1958, og første driftsplanringane vart skipa i 1959.
Ein driftsplanring var ei samanslutning av bønder som gjekk inn i eit forpliktande samarbeid. Dei valde styre som m.a. tilsette ein driftsplanleggar til å ta seg av arbeidet. Ringane vart finansierte dels ved medlemskontingent og dels ved statstilskot og eventuelle tilskot frå lokale etatar. Formålet med driftsplanringane var å drive analyse og planlegging for medlemene for å kome fram til ei rasjonell driftsorganisering på bruka, og å koordinere rådgjevingsarbeid og opplysningsverksemd for medlemene.
Til saman har det vore 9 driftsplanringar. Det var god interesse for driftsplanringar. Etter kvart gjekk fleire driftsplanringar over til å vere kombinerte forsøks- og driftsplanringar, mellom anna av finansielle årsaker.
I 1975 vart det starta eit arbeid i nært samarbeid med forsøksringane og forsøks- og driftsplanringane som vart kalla økonomiforsøk. Økonomiforsøk går ut på å samle inn driftsøkonomiske data gjennom bestemte forsøksopplegg. Dette samarbeidet har vore tenleg for både NILF og ringane og er framleis i gang.
4.4.7 Studiegarden Smedsvik
Forhistoria
I 1953 gav gardbrukar Aleksander Nagell eigedomen Smedsvik i Skjold i Rogaland til Staten ved Landbruksdepartementet på det vilkåret at eigedomen skulle nyttast til forsøksverksemd som kunne tene hagebruket i distriktet. Dersom staten ikkje ønskte å drive eigedomen etter formålet, skulle den overlatast til gamleheim for Skjold eller til vanføreheim for Haugesundshalvøya dersom Skjold kommune ikkje var interessert. I 1952 hadde skipsreiar Valdemar Skogland skipa eit fond på kr 100 000. Halvparten skulle stå urørd medan den andre halvparten skulle nyttast til hagebruksforsøk på Aleksander Nagels eigedom.
Landbruksdirektøren meinte at staten ikkje burde ta mot gåvene fordi det var så mange uløyste oppgåver ved forsøksgardane i hagebruk. Gåva ville bli for dyr for staten, meinte han. Staten tok likevel mot gåva (Lidtveit, 1979).
NLI-perioden
Det drog ut med å få i gang aktiviteten på Smedsvik. Etter ei tid bad Landbruksdepartementet NLI om å overta. Instituttet hadde ved fleire høve lufta tanken om ein driftsøkonomisk forsøksgard eller ein gard der ein kunne drive arbeidsgranskingar. Fleire idéar hadde vore lufta. Etter mykje att og fram overtok NLI drifta frå og med 1. mars 1959.
Meininga var at ein skulle drive ein studiegard. Drifta skulle vere fleksibel med vekslande driftsmåtar slik at ein fekk praktisk røynsle med kva hagebruksvekstar og driftsmåtar som høvde for distriktet. Ein skulle prøve ut rasjonelle driftskombinasjonar. Ein vona så at høvelege driftsformer skulle bli tekne i bruk hos andre jordbrukarar i distriktet. Gjennom publikasjonar, kurs, demonstrasjonar og foredrag skulle ein spreie resultata til distriktet slik at studiegarden vart eit hagebruksøkonomisk senter.
For å kunne drive ein studiegard var det naudsynt med betydelege påkostingar. Fram til 1970 vart det nydyrka om lag 20 dekar, kjøpt til to eigedomar med til saman 61 dekar jordbruksareal, bygt ny driftsbygning og veksthusanlegg. Fleire bustadhus vart bygde eller restaurerte. Garden var då i den stand som var føresetnaden då NLI overtok. I 1966 vart det oppretta stilling som studieleiar og styrar av garden.
Studiane vart gjorde ved at veksthusanlegget var kjernen i eit opplegg og husdyrhaldet kjernen i eit anna. I tillegg vart frilandsarealet drege inn i planane. Til dømes kunne same grønsak- eller jordbærarealet gå inn i båe driftskombinasjonane. Dei produksjonane som gjekk inn i driftskombinasjonsstudiane, vart kalla aktive produksjonar og dei andre venteproduksjonar. Den siste gruppa var nytta for å byggje opp kompetanse som skulle gå inn som aktive produksjonar i neste studieperiode. Ein studieperiode var til vanleg tre år. For å skaffe røynsle frå andre produksjonar enn dei ein kunne ha på studiegarden, oppretta ein avtale med dyktige bønder i distriktet. Desse bruka vart kalla kontaktbruk, og dei var ein del av det samla opplegget for Studiegarden Smedsvik.
Ut i gjennom 1970-åra dreiv ein garden etter intensjonane. Løyvingane var slik at studieleiaren nytta mykje av tida si til å drive prosjektet. Likevel var det gjennomført årlege samlingar for produsentar og rettleiarar i distriktet der resultata frå studiegarden vart lagde fram og drøfta. Resultata vart nytta som grunnlag for mange kurs og foredrag.
Avviklinga
Ved statsbudsjettet for 1984 (St.prp. nr. 1 (1983-84)) gjorde Landbruksdepartementet framlegg om å avvikle drifta av studiegarden og selje eigedomen. Fram til og med 1983 hadde Landbruksdepartementet ein samarbeidsavtale med Rogaland og Hordaland fylkeskommunar og 8 kommunar om drifta av Ullensvang forsøksgard. Hordaland fylke og Ullensvang kommune sa frå at dei ut frå økonomiske omsyn vanskeleg kunne fornye avtalen. Ei arbeidsgruppe hadde føreslege at staten overtok det økonomiske ansvaret for forsøksgarden og at han vart ein del av Statens forskingsstasjonar i landbruket. Landbruksdepartementet meinte det var naturleg å sjå framlegget om overtaking av Ullensvang forsøksgard i samanheng med drifta av Studiegarden Smedsvik. Departementet meinte at ei samordning av ressursane innan sektoren ville gje større effektivitet og betre utnytting av ressursane. Difor foreslo departementet å avvikle drifta så snart som råd, å selje garden som jordbrukseigedom og å skilje frå bustadhus som ikkje var knytt til gardsdrifta. Avviklinga var i tråd med instituttet sitt syn.
Stortinget slutta seg til departementets syn, og garden vart seld i 1984. Soga om NLIs engasjement var dermed over. I 25 år hadde såleis NLI hatt det administrative og faglege ansvaret for studiegarden.
4.5 Utgreiingsarbeid og rådgjeving for det offentlege
Det var heilt frå starten uttrykt at NLI skulle vere rådgjevande for styresmaktene i landbruksøkonomiske og tilgrensande spørsmål. Dette har fått praktisk uttrykk på i alle fall tre måtar:
- Ved at instituttet har skrive utgreiingar for t.d. Landbruksdepartementet om ymse spørsmål.
- Ved at instituttet har vore høyringsinstans i ymse samanhengar, m.a. om skattespørsmål.
- Ved at tilsette i instituttet har vore med i offentlege utval og råd.
Tilsvarande «plikter» har andre anvendte forskingsinstitutt hatt på sine fagområde. Det er ikkje alltid lett å vite om det er instituttet eller den enkelte medarbeidar som har vore med i offentlege utval og råd. Nedanfor nemner vi nokre døme på oppdrag som instituttet og instituttmedarbeidarar har hatt. Vi har ikkje skilt mellom instituttoppdrag og private, men instituttrelaterte oppdrag.
Skatteutgreiingar
Fram til og med 1953 var skattlegginga i jordbruket basert på prosentlikning. Frå og med 1954 har det vore obligatorisk, direkte likning. I denne samanhengen vart det innført rekneskaps- og noteringsplikt for jord- og skogbruk. For instituttet hadde dette fleire konsekvensar, men det viktige i denne samanhengen er at .instituttet var involvert i ugreiingsarbeid som var ledd i førebuinga av reformen. Mellom anna utarbeidde NLI forslag til næringsoppgåve.
Då det skulle utformast forskrifter i samband med innføring av meirverdi- og investeringsavgift frå og med 1970, stilte NLI med fagleg hjelp. NLI (NILF) har ved mange høve vorte bedt om uttale i samband med mange vurderingar av skatte- og avgiftsspørsmål. Eit ferskt døme er spørsmål om skattlegging i samband med innføringa av ordninga med omsetjelege mjølkekvotar.
Landbrukspolitiske utgreiingar
Då instituttet vart oppretta i 1947 var Arne Eskeland med i Jamstillingskomitéen (Jamstillingskomitéens innstilling, 1951). Denne komitéen la fram si innstilling i 1951. Seinare har instituttmedarbeidarar vore nytta i ei rad utval og komitéar. I tillegg har instituttet levert utgreiingar for andre utval og komitéar. Vi nemner nokre av dei største og viktigaste.
Rundt 1960 var det to Eskelandkomitéar. Begge var oppkalla etter Arne Eskeland. Den mest kjende Eskelandkomitéen var nedsett i 1956 for m.a. å «undersøke mulighetene for en produksjonsfordeling mellom de forskjellige brukstyper og distrikter» og å «drøfte i hvilken utstrekning samfunnsmessige og landbruksmessige hensyn tilsier en utnyttelse av de muligheter en slik produksjonsfordeling gir.» (Jordbrukskomitéen av 1956, 1960:7-8). Komitéen skulle og undersøkje verknader av forskjellige støtteordningar på produksjonsfordelinga. og foreslå nødvendige administrative tiltak. Konsulent Finn Reisegg, NLI, var sekretær praktisk tala heile tida.
Ein annan Eskelandkomité vart oppnemnd i 1961 for å vurdere rettleiingstenesta i landbruket (Rådgivningsutvalget av 1961, innstilling avgitt i 1963). Seinare har instituttet vore med i eller levert omfattande utgreiingar til m.a. Øksnesutvalet (NOU 1974:26), Bygdeutvalet (NOU 1984:21), Alstadheimutvalet (NOU 1991:2). Instituttet har og vore nytta av Landbruksdepartementet, jamfør det som er nemnt tidlegare om utgreiingar i samband med forhandlingar om norsk medlemskap i EU.
Medarbeidarar i instituttet har og delteke i fleire komitéar og utgreiingsarbeid for forskingsråd.
4.6 Undervisning og lærebøker
I 1950 overtok NLI ansvaret for undervisninga i rekneskap og driftslære ved Norges landbrukshøgskule (NLH, 1959:394), men Arne Eskeland og Cato Kvaal hadde undervist ved NLH før NLI vart skipa. Instituttet hadde ansvaret for undervisninga i rekneskap fram til 1977, og har hatt det frå 1989 til dags dato. I driftslære underviste instituttets folk fram til midten på 60-talet, og seinare NILF frå slutten av 80-åra og utover. NILF har i dag avtale om undervisning i bestemte fag ved Institutt for økonomi og samfunnsfag.
Instituttets tilsette har også skrive lærebøker og kompendium i landbruksrekneskap med skatterett og landbruksøkonomi.
I samband med undervisning nemner vi og eit samarbeid med Langvin Jordbruksskule og Sogn og Fjordane Landbruksselskap. I dette opplegget prøvde ein nye vegar i økonomiundervisninga. som gjekk ut på eit forenkla driftsopplegg for skulegarden, og å føra vanleg gardsrekneskap for denne verksemda. I tillegg hadde ein samarbeid med kontaktbruk i distriktet på same måten som ein hadde på Haugalandet i samarbeid med studiegarden Smedsvik.
4.7 Internasjonalt samarbeid
Av det som er skrive framanfor, går det fram at instituttet i 1950-åra fekk store midlar som ein ledd i amerikanske hjelpeprogram etter andre verdskrigen. Desse midlane bidrog til å byggje opp aktiviteten i instituttet og til at mange tilsette fekk studieopphald eller studieturar til USA. Instituttet har elles og hatt omfattande internasjonal kontakt, men mykje av dette har vore basert på personlege kontaktar og mindre for formalisert samarbeid mellom institusjonar. På det personlege planet har Nordiske Jordbruksforskeres Forening betydd mykje, særleg seminaraktiviteten. Dessutan har International Association of Agricultural Economists og seinare European Association of Agricultural Economists og International Farm Management Association betydd mykje for å skape kontakt. Gjennom mange år var direktøren i instituttet norsk representant i utval under Economic Commission for Europe og FAO.
Dei seinare åra har instituttet hatt samarbeidsprosjekt med både Litauen og Latvia om oppbygging av m.a. system for rekneskap, analyse og planlegging for privateigde gardsbruk.
4.8 Publisering og formidling
Instituttet har i alle år hatt ei omfattande publisering mellom anna ved rapportar frå ulike prosjekt. Ein har fleire publikasjonsseriar som dekker vitskaplege arbeid, utgreiingar og meir populærframstillingar. Desse seriane har vorte endra over tid.
Instituttet utviklar også i samarbeid med brukarar ymse materiell for rekneskap, analyse og planlegging. Ein har også utvikla program som høver for PC.
Kursverksemd var svært viktig i oppstartingsfasen. Av meldinga for 1950 går det m.a. fram at NLI hadde utdanningskurs i Oslo for 40 rekneskapsførarar. Det vart halde 6 kurs ute i distrikta og 3-4 kurs for jordbrukarar. Dette var nok eit representativt omfang for dei første åra. Også seinare har instituttet drive ei omfattande kursverksemd. Kvart år har det vore kurs for rekneskapsførarar. Det har vore kurs for fylkesagronomar i jordbruksøkonomi, kurs for jordbrukssjefar og skogbrukssjefar (tidlegare heradsagronomar og heradsskogsmeistrar), kurs for landbrukslærarar, driftsplanleggjarar, leiarar av driftsplanlag og for prøvebruksvertar. Instituttet har også arrangert intensivkurs i analyse og planlegging. Ofte har kurs og møte vore arrangerte i samarbeid med andre institusjonar som t.d. Fylkesmannens landbruksavdelingar, Landbrukets forsøksringar, Statens Landbruksbank og NLH. Informasjonsmøte i landbruksøkonomi er døme på dette.
Instituttet sine tilsette har heile tida drive ei omfattande foredragsverksemd. Tilsette ved distriktskontora har vore svært aktive på dette området. Det har vorte skrive mange artiklar i nasjonale fagtidsskrift. Gjennom NJF har det vore ei omfattande publisering, mens annan internasjonal publisering har vore mindre. Instituttet legg no stor vekt på å auke den internasjonale publiseringa.
5 Betydninga av NLIs (NILFs) arbeid
Framanfor har vi omtala aktiviteten i instituttet gjennom 50 år, med særleg vekt på det tidlegare Norges landbruksøkonomiske institutt. Omtalen viser noko av breidda på aktiviteten. Vi har skrive lite om samspelet mellom instituttet og samfunnet elles. Enkelte stader har vi nemnt litt om kva betydning aktivitetane har hatt i samfunnet, men denne vurderinga er lite systematisk. I dette sluttkapitlet vil prøve å gje ei meir samla vurdering av kva instituttet har betydd. Når vi som skal vurdere, har vore tilsette i institusjonen i 20-30 år, er det fare for at vurderinga vert subjektiv, men vi prøver likevel.
Gjennom driftsgranskingane har instituttet skaffa materiale som har vore brukt i mange samanhengar for å beskrive og analysere den økonomiske tilstand og utvikling i landbruket. Det er ikkje lett å kome utanom instituttets materiale når utviklinga i landbruket dei siste femti åra skal omtalast og analyserast.
Vi trur likevel at noko av det viktigaste ved ein institusjon som NILF er at medarbeidarane opparbeider innsikt i og kunnskap om landbruksøkonomiske spørsmål. Slik innsikt har betydning for den enkelte medarbeidar, men innsikten må spreiast til andre for å få samfunnsmessig verdi. Instituttet har lagt mykje arbeid i å formidle denne kunnskapen. Dette har skjedd på mange vis, t.d. gjennom publikasjonar av ymse slag, foredrag, arbeid i og for komitéar og utval, oppdrag for departement, undervisning osv.
I alle fall dei første åra var det lagt stor vekt på å analysere driftsøkonomiske spørsmål og å formidle kunnskapen til bønder og rettleiingsteneste. Kanskje var prøvebruka spesielt viktige i denne samanhengen. Prøvebruka med analyse og planlegging, justering og oppfølging var gode døme på bruk av driftsøkonomi i praksis. I tillegg til opplæring i økonomisk tenking, var dei verdfulle treningsobjekt både for bønder og rådgjevarar. Driftsplanlaga der bøndene fekk arbeide med sine eigne driftsmessige problem under kunnig leiing, og gjerne drøfte problema i eit større forum, var også eit tenleg middel for å bringe driftsøkonomien ut til ein større brukarkrets. «Å ta del i eit driftsplanlag, er som å gjennomgå ein liten landbruksskule», var det ein som sa. Også dei bøndene som var medlemer av driftsplanringar, fekk ei forholdsvis intensiv opplæring i driftsøkonomi. Resultat frå prøvebruka og driftsgranskingane, gav kunnskap om økonomiske forhold på enkeltbruk. Resultata frå prøvebygdene og bygdeanalysane gav i tillegg kunnskap om forhold på bygdenivå.
Gjennom arbeidet med driftsgranskingar, prøvebruk, bygdeanalysar og bygdeplanar har instituttet hatt god kontakt med landbruket og bygdene og fått innsikt i endringsprosessar og problem næringa og bygdene står overfor. Distriktskontora har vore svært viktige i denne samanhengen.
Røynslene frå forsking, frå prøvebruka, prøvebygder og elles, vart såleis formidla gjennom massemedia, kurs og undervisning, både for bønder og for rådgjevarar. Tilrettelegging av materiell for rekneskap, analyse og planlegging har og vore ei sentral oppgåve. Med generelt reduserte budsjett er den driftsøkonomiske rådgjevingsinnsatsen i NILF redusert i dei seinare år. Denne oppgåva er likevel framleis viktig for institusjonen. Statskonsulenten i landbruksøkonomi er tilsett i NILF.
I seinare år har sektoranalysar vore viktige. Desse har gjeve innsikt i landbrukspolitiske og handelspolitiske spørsmål som har kome godt med i fleire samanhengar. Spørsmåla omkring EU-medlemskap, GATT, o.l. har i stor grad vore politisk lada, men så vidt vi kan forstå har instituttet klart å analysere dei faglege spørsmåla på ein forsvarleg måte og klart å unngå dei politiske sidene ved spørsmåla.
Instituttet har vore ein viktig opplæringsinstitusjon. Mange personar har vore innom instituttet og så gått over i stilling i sentral og lokal forvaltning. Tida i instituttet har vore nyttig for seinare arbeid. NLI og seinare NILF har også stått sentralt i oppdatering av fylkesagronomane i jordbruksøkonomi gjennom tilrettelegging av materiell, samrådingsmøte og andre aktuelle arrangement. Også gjennom kurs og tilrettelegging av materiell for jordbrukssjefar og skogbrukssjefar, har instituttet delteke i opplæring av forvaltninga.
NLI (NILF) har gjennom store deler av den tida institusjonen har eksistert, hatt undervisning ved NLH. Når det gjeld landbruksrekneskap og driftsøkonomi, trur vi dette har hatt betydeleg positiv verknad på undervisninga. NLI (NILF) med sin omfattande og grundige bakgrunn i praktisk rekneskap gjennom driftsgranskingane og prøvebruk, har vore med og gjeve ein solid basis for undervisninga. Det er også rimeleg å tru at røynsler frå anvendt forsking på sentrale spørsmål innan driftsøkonomien som institusjonen har utført, har vore med og gjort undervisninga rikare.
Heilt frå NLI vart skipa var det sagt at institusjonen også skulle vere rådgjevande organ for styresmaktene i landbruksøkonomiske og tilgrensande spørsmål. Slik rådgjeving har vorte gjort på mange vis. Innsikt og kompetanse som institutt-tilsette har, er ein kunnskapsbase som t.d. Landbruksdepartementet har kunna nytte når spørsmål skulle utgreiast, gjerne på kort varsel. Det er vanskeleg å vurdere betydninga av dette. Det skal vi heller ikkje gje oss ut på.
Ei anna viktig side er at instituttet skaffar fram data om norsk landbruk som andre kan nytte i forsking og utgreiingar.
Forsking vil seie å skaffe fram ny innsikt. Slik innsikt kan føre til teoriutvikling innan faget. I vårt tilfelle vil det seie økonomi generelt og landbruksøkonomi spesielt. Vi kan ikkje påstå at instituttet har ytt store bidrag til teoriutviklinga innan landbruksøkonomien. Instituttet har i stor grad tilpassa og nytta teoriar og metodar som andre har utvikla. I nokre høve har instituttet tidleg teke nye teoriar og metodar i bruk. Arbeidet med produktfunksjonar, lineær programmering og utvikling av praktiske planleggingsmetodar etter dekningsbidragsprinsippet er slike døme. Modellbrukssystemet er eit anna døme på betydeleg originalitet. Likevel er det nok rett å seie at instituttet har hatt sin styrke innan den anvendte delen av faget.
Ein god del av arbeidet i instituttet har vore å samle inn og registrere data. Dette vert lett ei stor samling med data, men mindre informasjon. Instituttet har alltid lagt vekt på analyse og syntese. Likevel trur vi at instituttet kan bli enda betre til å analysere tilgjengelege data og lage syntesar.
Vi har tidlegare nemnt at Jordbrukets Produksjons- og Rasjonaliseringskomité skreiv at målet med arbeidet i NLI skulle vere «å finne fram til sannheten i de landbruksøkonomiske spørsmål». Samfunn og landbruk er ikkje statiske, heller ikkje kunnskapen om dei spørsmåla det her gjeld. Kunnskapen om landbruket og samfunnet må fornyast for å vera relevant. Det er ikkje mogeleg å finne fram til den endelege sanninga. Likevel er vi overtydde om at instituttet har ytt viktige bidrag til kunnskapen om dei landbruksøkonomiske spørsmål.
6 Referansar
Vi har i denne historiske oversikta nytta svært mange kjelder. Skulle vi ha nemnt alle desse i teksten og laga ei fullstendig liste over alle referansar, ville det teke svært mykje plass. Vi har difor valt å gje ei summarisk framstilling av referansar til publikasjonar frå NLI (NILF) og å gje ei fullstendig liste over «eksterne» referansar og arbeid som er siterte direkte.
Stoff om instituttet har vi henta frå Landbruksdirektørens årsmeldingar for åra 1947-1971, og frå kopibøker i instituttarkivet. Vi har og henta mykje frå Lidveit (1979). Stoff om driftsgranskingar og forskingsprosjekt er i stor grad henta frå trykte meldingar i instituttseriar. Desse er berre nemnde nedanfor i dei tilfella vi har sitert frå dei.
Vi har ellers hatt god nytte av drøftingar og merknader frå følgjande personar: Lars Afdal, Torbjørn Andal, Kjell Bruland, Øystein Chr Kvarberg, Cato Kvaal, Odd Mæland, Leopold Norum, Finn Reisegg, Knut Repstad, Sveinung Sølverud og Ragnar Ueland.
Spesielt nemnde referansar er elles:
- Borgedal, P. 1926. Intensitetsproblemet i det norske jordbruk, E. Sems forlag. Fredrikshald.
- Bruland, K., F. Reisegg og O. R. Sandberg. 1965. Produksjon og grenseproduktiviteter for mjølkebruk og kornbruk i leirjordsdistriktene på Sør-Østlandet, Memorandum fra Sosialøkonomisk institutt 27.1.65.
- Five, H. 1913. Undersøkelser over jordbrukets driftsforhold 2. Nogen regnskapsresultater fra norske gaardsbruk regnskapsaaret 1/4 1911-31/3 1912, Det Kgl. Selskap for Norges Vel.
- Hagem, K., 1980. Driftsagronomer og driftsundersøkelser. I Fra sigden til skurtreskeren, Landbruket i Østfold 1830-1980, Østfold landbruksselskap, Sarpsborg, side 230-234.
- Hasund, S. 1941. Det Kgl. Selskap for Norges Vel. II periodene 1809-1829 og 1829-1855, 1856-1892 og 1892-1909, Mariendal boktrykkeri, Gjøvik.
- Innstilling om den videre utbygging av de landbruksvitenskapelige institusjoner. Fra et utvalg oppnevnt 30. august 1960. Innstilling avgitt 4. april 1961, Landbruksdepartementet, 37 s.
- Jamstillingskomitéens innstilling. Komitéen Oppnevnt ved kongelig resolusjon av 7. juni 1946.
- Jordbrukets avsetningskomité av 1956, 1960. Innstilling om Avsetnings- og tilpassingsproblemene i jordbruket, Landbruksdepartementet, 404 s.
- Jordbrukets produksjons- og rasjonaliseringskomité av 1946. Innstilling I om Norges Landbruksøkonomiske Institutt, Landbruksdepartementet. 19 s.
- Jordbrukskomitéen av 1956, 1960. Innstilling om jordbruksproduksjonen. Innstilling avgitt 17. juni 1960, Landbruksdepartementet, 133 s. pluss vedlegg.
- Kvaal, C. (red.), 1954. Fehald i Sør-Noreg. Ei driftsøkonomisk gransking av storfe- og småfehaldet, Særmelding nr. 6, NLI, 143 s.
- Langvatn, H., 1964. Produksjonstilpassing i norsk jordbruk gjennom næringsøkonomisk - regional - individuell planlegging, Særmelding nr. 32, NLI.
- Lidtveit, A., 1979. Jordbruket i Noreg 1914-1974, Tiltak under Landbruksdepartementet.
- NLH, 1959. Norges landbrukshøgskole 1859-1959, Grøndahl & søns boktrykkeri, Oslo, 520 s.
- NLI, 1966. Driftsgranskinger i jordbruket gjennom 50 år, 1911-1960, Oslo, 152 s.
- Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd, 1992. Evaluation of Economic Research in Agriculture and Forestry in Norway, Publikasjon 4/92, Oslo.
- Skovgaard, K., 1956. Landbrugsøkonomiens indhold og udvikling, Del I i Westermarck, N. og L. Hjelm (red.), Lantbrukets driftsekonomi. Lts förlag, Stockholm, og Grøndahl & søn, Oslo.
- St.meld. nr. 64. (1963-64). Om jordbrukspolitikken, Landbruksdepartementet, 174 s.
- St. meld. nr. 57. (1970-71). Om gjennomføring av jorbruksavtala 1968-70 og om utviklinga i jorbruket 1959-69, Landbruksdepartementet.
- The European Productivity Agency. The Uvdal Pilot Community (Norway) Project 323, Organisation for European Economic Co-operation.
Artikkelen ble opprinnelig publisert i boken Femti år i landbrukets og samfunnets tjeneste, som ble utgitt i januar 1998 i forbindelse med NILFs og BFJs 50-årsjubileum.
|