Pressemeldinger    
 
Om NILF
Kontakt oss
Pressemeldinger
Nytt fra NILF
Matvareindustri
og marked
Matpriser
Politikk og økonomi
Landbruket
Publikasjoner
Salg av materiell
og programvare
Seminarer
Kurs
Stilling ledig
Nettstedskart
Startsiden
English
 
Gyldig HTML 4.01
 
Gyldig CSS
 
 

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning

 

Pressemelding 03.12.2008

Jærbøndene best i 2007

Inntektsnivået i jordbruket var høgast på Jæren i 2007. Jærbøndene auka jordbruksinntektene med 35 % til kr 291 900 frå 2006 til 2007. Også i resten av Rogaland og Agder auka jordbruksinntektene i same periode, med 30 % til kr 201 000. Det viser den årlege rekneskapsundersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF).

Jordbruksinntektene, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, auka med 35 % på Jæren og med 30 % for andre bygder i Rogaland og Agder. Produksjonsauke og auke i mjølke- og kjøtprisen gjorde at bøndene i Rogaland og Agder-fylka fekk eit godt inntektsår i 2007, sjølv om rentene auka frå 2006.

Jordbruksinntektene auka for dei vanlege produksjonane i begge regionane. Størst var auken for bruka med kombinert mjølkeproduksjon og svinehald på Jæren, med 53 %. Desse bruka oppnådde ei jordbruksinntekt på kr 344 800 per årsverk i 2007. For mjølkeproduksjonsbruka på Jæren auka jordbruksinntektene per årsverk med 19 %, til 218 400.

I dei andre bygdene i Rogaland og Agder, oppnådde mjølkeproduksjonsbruka ei jordbruksinntekt på kr 182 900. Det er ein auke på 24 % frå 2006. I denne regionen var det bruka med kombinert mjølkeproduksjon og sauehald som hadde høgast jordbruksinntekt i 2007, med kr 214 400 per årsverk. På desse bruka vart mjølkeproduksjonen noko redusert, og sjølv om produksjonen auka i sauehaldet, vart auken i jordbruksinntekta lav for denne gruppa, 4 % frå 2006 til 2007.

Investeringsnivået i dei to regionane var høgast i landet i 2007. I gjennomsnitt var nettoinvesteringa per bruk kr 107 800 på Jæren og kr 131 600 i dei andre bygdene i Rogaland og Agder. Samla gjeld auka med høvesvis 8 % og 20 % i dei to regionane. Høgast gjeld hadde bøndene på Jæren med kr 2,79 mill.

Skattefordelen fom følgje av jordbruksfrådrag er ikkje med i resultatmåla. Skattekorrigert inntektsauke var 38 % for Jæren og 34 % for dei andre bygdene i Rogaland og Agder.

I alt omfattar granskinga 902 bruk frå heile landet, 49 bruk er frå Jæren og 82 bruk frå resten av Rogaland og Agder-fylka.

Utvikling i jordbruksinntekt 1975-2007
Jordbruksinntekt per årsverk à 1845 timar i perioden 1975-2007

For ytterlegare opplysningar, kontakt: Heidi Knutsen

Det finnes også ein lang versjon av denne pressemeldinga.

I tillegg til opplysningane i denne pressemeldinga, har NILF på Internett også mykje anna informasjon om driftsgranskingane 2007.