Pressemeldinger    
 
Om NILF
Kontakt oss
Pressemeldinger
Nytt fra NILF
Matvareindustri
og marked
Matpriser
Politikk og økonomi
Landbruket
Publikasjoner
Salg av materiell
og programvare
Seminarer
Kurs
Stilling ledig
Nettstedskart
Startsiden
English
 
Gyldig HTML 4.01
 
Gyldig CSS
 
 

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning

 

Pressemelding 04.12.2007

Stagnasjon i inntekt for vestlandsbonden

Jordbruksinntektene på Vestlandet gjekk ned med ein og ein halv prosent frå 2005 til 2006, til kr 149 000 per årsverk. Det viser den årlege rekneskapsundersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF). I alt omfattar granskinga 912 bruk frå heile landet, 168 bruk er frå fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Det har vore små endringar i jordbruksinntekta for den gjennomsnittlege vestlandsbonden frå 2005 til 2006. Jordbruksinntekt er her definert som vederlag til alt arbeid og eigenkapital per årsverk. Det var fruktdyrkarane som fekk det beste resultatet i 2006 med kr 168 500 i jordbruksinntekt. Dei store kombinertbruka med mjølk og svin hadde eit dårleg år og fekk kr 148 000 i jordbruksinntekt. For mjølkeprodusentane vart det inga endring trass stor auke i produksjonen, og dei oppnådde kr 162 000 i jordbruksinntekt. Sauebruka har som tidlegare år lågast inntekt, men hadde ein auke på 15 % til kr 89 500 i 2006.

Fruktavlingane varierer frå år til år. Gode avlingar og bra prisar i 2006 forklarer resultatet for fruktbøndene. Mjølkeprodusentane har hatt stagnasjon i inntekta dei siste åra, og produksjonsauken dei hadde i 2006, vart eten opp av ein auke i kostnader og timebruk. Mjølke- og svinebruka har inga endring i husdyrinntektene. Høge kostnader til maskinleige og purkeleige, gjer at dei får redusert jordbruksinntekta. Sauebøndene hadde både produksjons- og effektivitetsauke og moderat kostnadsauke. Det saman med betre prisar, forklarer inntektsauken på sauebruka.

Mjølkeprisen har stått stille sidan 2004, medan prisen på ku- og storfekjøt har auka jamt, og i 2006 med 50 øre per kg. Prisen på sau- og lammekjøt gjekk opp med kr 3,00 per kg. Det har ikkje vore endring i pris på svinekjøt og ein liten nedgang i pris på smågris. Prisen på eple og moreller gjekk ned, men fruktbøndene fekk en litt betre pris for pærer og plommer i 2006 enn året før.

Bilde

For ytterlegare opplysningar, kontakt: Ane Margrethe Lyng

I tillegg til opplysningane i denne pressemeldinga, har NILF på Internett også mykje anna informasjon om driftsgranskingane 2006.