Pressemeldinger    
 
Om NILF
Kontakt oss
Pressemeldinger
Nytt fra NILF
Matvareindustri
og marked
Matpriser
Politikk og økonomi
Landbruket
Publikasjoner
Salg av materiell
og programvare
Seminarer
Kurs
Stilling ledig
Nettstedskart
Startsiden
English
 
Gyldig HTML 4.01
 
Gyldig CSS
 
 

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning

 

Pressemelding 04.12.2007

Nedgang i jordbruksinntektene i 2006

Jordbruksinntektene gjekk ned med 4 % i 2006, og var gjennomsnittleg kr 166 900 per årsverk. Kostnadsvekst og avlingsnedgang er viktigaste årsaker til nedgangen. Høgast gjennomsnittleg inntekt gav bruk med korn og svin med kr 215 600 per årsverk. Dette viser resultata frå dei årlege driftsgranskingane utførde av Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF). Undersøkinga omfatta rekneskapstal frå 912 ulike bruk fordelt over heile landet.

Jordbruksinntektene, her målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, viser ein nedgang på landsbasis med 4 % frå 2005 til 2006. Inntektsnivået i jordbruket var høgast på Jæren, etterfølgt av flatbygdene på Austlandet og i Nord-Noreg. Inntektene auka på Jæren, medan inntektene gjekk mest ned på flatbygdene i Trøndelag. Timeforbruket i jordbruket var uendra frå 2005 trass i auka produksjon.

Bruk med korn og svin gav høgast inntekt av de ulike presenterte driftsformene med gjennomsnittleg kr 215 600 per årsverk, ein nedgang på 16 %. Den viktigaste forklaringa på nedgangen er lågare kornavlingar, renteauke og generell kostnadsauke. Lønsemda for bruk med korn gjekk ned 22 % til 145 400 kroner per årsverk. Mjølkeproduksjonen oppnådde kr 163 300 per årsverk, ein nedgang på 6 %. Sauehaldet hadde ein auke på 8 % til kr 114 900 per årsverk.

Investeringsnivået i jordbruket var høgt. Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk var i 2006 kr 63 100. Det vart investert mest i driftsbygningar, og det var høgast nettoinvestering på Jæren. Gjeldsdelen for driftsgranskingsbruka auka frå 43 % til 45 % i 2006.

Dei samla inntektene for brukarfamilien for 2006 var på kr 529 200, om lag det same som året før. I dette beløpet inngår alle inntekter for brukarfamilien, både i og utanfor bruket. Jordbrukets del av brukarfamiliens samla inntekter var 38 %. Bidrag frå tilleggsnæringar med basis i ressursane på bruket stod for 6 % av samla inntekter. Lønsinntekter utgjorde 41 %. Bidrag frå jordbruket har gått ned medan bidrag frå lønsinntekter har auka. Inntektsverknad av jordbruksfrådrag inngår ikkje i nokon av resultatmåla.

For gardsbruk med skog er det utført ei eiga undersøking på 162 bruk i 2006. Det gjennomsnittlege skogarealet på desse bruka er 1300 dekar. Gjennomsnittleg driftsoverskot per skogbrukseigedom var kr 34 400 i 2006, om lag uendra frå året før.

For mer detaljerte opplysninger, kontakt: Torbjørn Haukås på 99 26 19 20 eller Eva Øvren

I tillegg til opplysningene i denne pressemeldingen, har NILF på Internett også mye annen informasjon om driftsgranskingane 2006.