Pressemeldinger    
 
Om NILF
Kontakt oss
Pressemeldinger
Nytt fra NILF
Matvareindustri
og marked
Matpriser
Politikk og økonomi
Landbruket
Publikasjoner
Salg av materiell
og programvare
Seminarer
Kurs
Stilling ledig
Nettstedskart
Startsiden
English
 
Gyldig HTML 4.01
 
Gyldig CSS
 
 

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning

 

Pressemelding 29.11.2006 fra NILFs distriktskontor i Bergen

Ingen lønsfest for vestlandsbøndene

Jordbruksinntektene på Vestlandet gjekk opp med to prosent frå 2004 til 2005, til kr 151 000 per årsverk. Det viser den årlege rekneskapsundersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF). I alt 173 bruk frå fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal deltek i undersøkinga.

Etter ein oppgang i jordbruksinntektene i 2004, er det ein svak framgang å spore i 2005. Den gjennomsnittlege vestlandsbonden fekk ein auke i jordbruksinntekta på kr 3100, til 151 000 per årsverk. Jordbruksinntektene er her definert som vederlag til alt arbeid og eigenkapital. Også i år oppnådde dei bruka som driv mjølkeproduksjon i kombinasjon med svinehald, det beste gjennomsnittsresultatet med kr 190 800 per årsverk. Sauehaldet har hatt ein oppgang i jordbruksinntekt på 13 prosent siste år, og hadde kr 78 000 per årsverk i 2005. Mjølkeprodusentane opplevde inga endring, medan fruktprodusentane hadde ein kraftig nedgang i jordbruksinntekta per årsverk.

Produksjonsauke, høgare prisar på storfekjøt og redusert timebruk, er viktige årsaker til resultatet for mjølk og svineprodusentane. Mjølkeprisen har vore om lag uendra dei siste tre åra, og prisen på ku- og storfekjøt har auka med ei krone siste året. Sauebøndene hadde både produksjons- og produktivitetsauke, og sjølv om prisane på sau- og lammekjøt gjekk ned med kr 1,40 per kg, auka dei produksjonsinntektene. Fruktbruka hadde eit dårleg avlingsår i 2005, som gav ein kraftig reduksjon i produksjonsinntekt. Jordbruksinntektene for denne gruppa vart såleis redusert med 27 prosent, til kr 117 700 per årsverk i 2005.

Bilde

Sjå også ei lengre og utfyllande utgåve av pressemeldinga.

For ytterlegare opplysningar, kontakt:
Ane Margrethe Lyng ved NILFs distriktskontor for Vestlandet

I tillegg til opplysningane i denne pressemeldinga, har NILF på Internett også mykje anna informasjon om driftsgranskingane 2005.