Pressemeldinger    
 
Om NILF
Kontakt oss
Pressemeldinger
Nytt fra NILF
Matvareindustri
og marked
Matpriser
Politikk og økonomi
Landbruket
Publikasjoner
Salg av materiell
og programvare
Seminarer
Kurs
Stilling ledig
Nettstedskart
Startsiden
English
 
Gyldig HTML 4.01
 
Gyldig CSS
 
 

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning

 

Pressemelding 09.11.2004 fra NILFs distriktskontor i Bergen

Inntektene til bøndene på Sør- og Vestlandet ned med 9 %

Jordbruksinntektene i sør- og vestlandsfylka var i gjennomsnitt kr 143 400 per årsverk i 2003. Det er ein nedgang på kr 13 600 frå 2002 til 2003. Dette viser den årlege rekneskaps­undersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF).

Jordbruksinntektene, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, varierer mellom fylka. Resultatet er best i Rogaland og Møre og Romsdal, medan det er størst nedgang i Hordaland og Vest-Agder. Ulike produksjonar, ulikt produksjonsomfang, ulik storleik på bruk og ulik grad av investeringar er hovudårsakene til skilnadene mellom fylka. Inntektsverknad av auka jordbruksfrådrag er ikkje med i resultatet.

Produktprisar og volum viser ein liten auke for dei fleste produksjonar, men reduksjon i samla tilskot og kostnadsauke førte til at jordbruksinntektene gjekk ned. Avlingsnedgang er hovudårsaka til at fruktprodusentane fekk størst nedgang i inntekta samanlikna med året før (-13 %). For mjølkeprodusentane førte nedgang i mjølkepris og auka kostnader til ein reduksjon i jordbruksinntektene på 6 %. Lågast lønsemd er det framleis i sauehaldet.

Den samla inntekta til bondefamilien gjekk ned med 2 % til kr 432 400 frå 2002 til 2003. Nedgangen skuldast hovudsakleg redusert bidrag frå jordbruket. Auke i lønsinntekter og auka bidrag frå anna næringsverksemd gjer at reduksjonen av samla inntekt er mindre enn reduksjonen i jordbruksinntektene. Inntekter utanom bruket stod for 57 % av familiens samla inntekter i 2003 mot 52 % i 2002.

For ytterlegare opplysningar, kontakt:
Heidi Knutsen ved NILFs distriktskontor for Vestlandet

I tillegg til opplysningane i denne pressemeldinga, har NILF på Internett også mykje anna informasjon om driftsgranskingane 2003.