|
Pressemelding 23.10.2003 fra NILFs distriktskontor i Bergen
Auke i inntektene for bøndene på Sør- og Vestlandet
Jordbruksinntektene i sør- og vestlandsfylka auka med 15 200 kroner frå 2001 til 2002 og vart i middel 157 000 kroner pr årsverk. Det er ein auke på 10,7 %. Dette viser rekneskapsundersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF).
Etter eit år med uendra jordbruksinntekter frå 2000 til 2001, fekk vi ein stor auke frå 2001 til 2002. Jorbruksinntektene, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, varierer mellom fylka, med størst auke i Rogaland. Årsaka til variasjonen er kva produksjon som dominerer i fylka.
Fylke med stort innslag av storfe, svin og fruktproduksjon viser stor auke, medan fylke med stort innslag av sauehald viser svakare utvikling. Jordbruksinntektene, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital pr årsverk à 1845 timar, var høgast i Rogaland og lågast i Sogn og Fjordane.
I Rogaland var jordbruksinntektene 172 800 kroner (+13,5 %), Møre og Romsdal 160 000 kroner (+9,6 %), Vest-Agder 149 800 kroner (+5,2 %), Hordaland 144 600 kroner (+17,2 %) Aust-Agder 138 800 kroner (+15 %) og Sogn og Fjordane 125 000 kroner (-0,8 %).
Ulike produksjonar, produksjonsomfang og ulik storleik på bruk og investeringar er hovudårsakene til skilnaden mellom fylka. Samanlikna med året før, kom bruka med fruktproduksjon kombinert med sauehald ut med størst auke frå 2001, medan sauebruka framleis har det klart lågaste inntektsnivået.
Den samla inntekta til bondefamilien auka med 10,8 % til 439 300 kroner frå 2001 til 2002. Auken i samla inntekter kjem hovudsakleg frå auka bidrag frå jordbruket og auka lønsinntekter. Inntekter utanom bruket stod for 52 % av familiens samla inntekter i 2002 mot 54 % i 2001.
Ein lengre versjon av pressemeldinga kan ein få ved distriktskontoret til NILF i Bergen
For ytterlegare opplysningar, kontakt:
Heidi Knutsen ved NILFs distriktskontor for Vestlandet
I tillegg til opplysningane i denne pressemeldinga, har NILF på Internett også mykje anna informasjon om driftsgranskingane 2002.
|