Pressemeldinger    
 
Om NILF
Kontakt oss
Pressemeldinger
Nytt fra NILF
Matvareindustri
og marked
Matpriser
Politikk og økonomi
Landbruket
Publikasjoner
Salg av materiell
og programvare
Seminarer
Kurs
Stilling ledig
Nettstedskart
Startsiden
English
 
Gyldig HTML 4.01
 
Gyldig CSS
 
 

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning

 

Pressemelding 07.11.2001 fra NILFs distriktskontor i Bergen

Auke i inntektene for bøndene på Sør- og Vestlandet i 2000

Jordbruksinntektene i sør- og vestlandsfylka auka med 13 300 kroner frå 1999 til 2000 og blei i middel 143 600 kroner pr årsverk. Det er ein auke på 10,2 %. Dette viser rekneskapsundersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF). Hovudårsaka til auke i resultatet var auka produksjon av kjøt og betre balanse i marknaden og dermed høgare prisar på viktige produkt mot slutten av året. Det var også ein auke i overføringane og lite auke på kostnadssida.

Etter ein sterk nedgang i inntektene i 1999, vart resultatet for 2000 nesten på høgde med 1998. Det var auke i alle fylka, mest i Rogaland og minst i Sogn og Fjordane. Jordbruksinntektene, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital pr årsverk á 1875 timar, var høgast i Rogaland og lågast i Aust-Agder.

I Rogaland var jordbruksinntektene 168 900 kroner (+9,7 %), Vest-Agder 141 500 kroner (+10,1 %), Hordaland 138 500 kroner (+8,2 %), Møre og Romsdal 138 100 kroner (+9,8 %), Sogn og Fjordane 130 000 kroner (+7,5 %) og Aust-Agder 120 900 kroner (+10,9 %).

Ulike produksjonar, og ulik storleik på bruk og investeringar er hovudårsakene til skilnaden mellom fylka. Samanlikna med året før, kom bruka med mjølkeproduksjon ut med størst auke frå 1999. Auken kjem i hovudsak frå auka produksjon, betre prisar på enkelte produkt, auke i overføringar og sal av mjølkekvotar.

Den samla inntekta til bondefamilien auka med 10,6 % til kr 383 800 frå 1999 til 2000. Auken i samla inntekter kjem både frå jordbruksdrifta og inntekter utanom bruket med om lag like deler. Inntekter utanom bruket stod for 51 % av samla inntekter i 2000 mot 52 % i 1999.

For ytterlegare opplysningar, kontakt:
Heidi Knutsen ved NILFs distriktskontor for Vestlandet

I tillegg til opplysningane i denne pressemeldinga, har NILF på Internett også mykje anna informasjon om driftsgranskingane 2000.