|
Driftsresultatet i jordbruket på Vestlandet 2008
Hovudtendensar:
- Nedgang i jordbruksinntekta for mjølkeproduksjon, auke for sauehald
- Auke i prisar for viktige produkt som mjølk og kjøt
- Høg nettoinvestering, særleg på bruk med mjølkeproduksjon
Vestlandsbonden oppnådde ei jordbruksinntekt, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, på kr 187 900 i 2008. Det er ei auke på kr 6100 (3 %) frå 2007. I gjennomsnitt for landet auka jordbruksinntekta med kr 8 700, til kr 212 800 per årsverk.
Utviklinga i jordbruksinntekt var noko ulik for dei vanlegaste driftsformene på Vestlandet. Medan mjølkeprodusentane fekk redusert si jordbruksinntekt med 7 %, auka saueprodusentane si inntekt med 48 % og fruktprodusentane med 23 % frå 2007. Også bruk med kombinert mjølk og sau og mjølk og svin fekk auka jordbruksinntekta. Det var prisauke på viktige produkt som mjølk og kjøt, men også kostnadene auka.
Driftsgranskingane i jordbruket er basert på eit tilfeldig og representativt utval av 861 bruk over heile landet. I alt omfattar granskinga 164 bruk frå Vestlandet; 54 i Hordaland, 54 i Sogn og Fjordane og 56 i Møre og Romsdal. Jordbruksarealet for desse bruka var i middel 218 dekar, 6 dekar meir enn i 2007. Jordbrukskapitalen var i middel per bruk kr 1 615 400.
Mjølkeproduksjon har gjennom mange år vore basisen for landbruket på Vestlandet, og det er flest bruk i denne gruppa. For denne gruppa gjekk jordbruksinntekta ned med 7 % til 182 600 frå 2007 til 2008, men resultatet er likevel ca kr 20 000 betre enn resultatet i 2006. Produksjonsinntektene auka frå 2007 til 2008, men kostnadsvekst både på driftsmiddel og renter førde til nedgangen i jordbruksinntektene.
Mjølkeproduksjonen auka med knappe 3 %, medan arbeidsinnsatsen var om lag uendra frå 2007. Mjølkeprisen auka med kr 0,21 pr liter og prisen på storfekjøt med kr 3,70 pr kg. På kostnadssida var det kostnadene til kraftfôr som auka mest i kronebeløp, men også kostnader til maskinleige og energi var med på å dra kostnadene opp.
Det var høgt investeringsnivå på mjølkeproduksjonsbruka i 2008, med ei nettoinvestering på kr 171 700. Det vart investert mest i driftsbygningar og kjøp av mjølkekvote. Samla gjeld auka med kr 159 300 og dei samla renteutgiftene til brukarfamilien auka med kr 28 400 (61 %) frå 2007 til 2008.
Det var 63 bruk i denne driftsforma i 2008. Produksjonsomfanget var på 18,8 årskyr, dei omsette i gjennomsnitt 118 600 liter mjølk og 4100 kg storfekjøt (inkl. kukjøt). Gjennomsnittleg jordbruksareal var 266 dekar.
Bruka med kombinert mjølkeproduksjon og sauehald fekk auka jordbruksinntekta med 3 % frå 2007 til 2008, men ligg likevel lågare i jordbruksinntekt per årsverk med kr 167 800 enn dei reine mjølkeproduksjonsbruka. Auka mjølkeproduksjon, prisauke på mjølk og kjøt førde til at jordbruksinntekta auka trass i kostnadsauke. Særleg var det kostnader til kraftfôr, handelsgjødsel og vedlikehald som auka mykje.
Gruppa omfatta 24 bruk i 2008. Gjennomsnittleg jordbruksareal var 260 dekar. Bruka hadde 14,1 årskyr og 81 vinterfôra sauer. Arbeidsinnsatsen var på 2,2 årsverk i 2008.
Bruka med kombinert mjølkeproduksjon og svinehald fekk auka jordbruksinntekta med 9 %, til kr 250 600 frå 2007 til 2008, og var i 2008 den driftsforma som oppnådde høgast jordbruksinntekt per årsverk. På desse bruka auka arealet med 25 dekar frå 2007 til 2008. Det var produksjonsauke både for produksjon av mjølk og svinekjøt. Produksjonsauke, auka prisar på mjølk, svinekjøt og smågris for sal, saman med auka tilskot og redusert arbeidsinnsats, førde til auke i jordbruksinntekta for desse bruka, trass i auka kostnader.
Driftsforma omfatta i 2008 14 bruk med eit produksjonsomfang på 18,3 årskyr, 31,8 purker, 643 salbare smågris og 23 900 kg slaktegris.
Sauebruka på Vestlandet oppnåde den største auken i jordbruksinntekt frå 2007 til 2008 med kr 46 600 (48 %), til kr 144 500 per årsverk. Produksjonsomfanget var om lag som i 2007, men auka lammekjøtpris med kr 4,53 og sauekjøt med kr 3,92 per kg, førde til auke i produksjonsinntektene. Saman med moderat kostnadsauke og nedgang i arbeidsforbruket, førde det til den gode utviklinga i 2008. Sauehald er likevel den driftsforma som oppnår lågast jordbruksinntekt per årsverk på Vestlandet. Det var negativ nettoinvestering på sauebruka i 2008, det vil seie at avskrivingar og fråsal var større enn investeringane i driftsapparatet for desse bruka.
I 2008 omfatta driftsforma 19 bruk med eit gjennomsnittleg areal på 169 dekar og 100 vinterfôra sauer.
Fruktprodusentane hadde eit god år i 2008, og fekk auka jordbruksinntekta med 23 % til kr 215 500 per årsverk. Fruktavlingane svingar mykje frå år til år, og jordbruksinntektene svingar meir frå år til år for denne driftsforma enn for andre driftsformer.
Samla gjeld har auka med 14 % frå 2007, og utgjorde i 2008 kr 1 356 900 for det gjennomsnittlige deltakarbruket på Vestlandet. Gjeldsprosenten vart auka frå 38 % til 40 %..
Driftsgranskingane viser at driftsoverskotet frå jordbruket og lønnsinntekt utgjorde like stor del av familien sine samla inntekter i 2008 med 42 % kvar. Anna næring med utgangspunkt i bruket sine ressursar utgjorde 4 %. Resten, 12 % av dei samla inntektene, er anna næring, pensjonar, sjukeløn og kapitalinntekter. I 2008 var driftsoverskotet frå jordbruket og anna næring med utgangspunkt i bruket sine ressursar sin samla del av totalinntekta den same som i 2007. Delen frå lønsinntekt gjekk ned med to prosentpoeng og bidraget frå anna næring, pensjoner m.m. gjekk opp med to prosentpoeng.
Maksimalt jordbruksfrådrag var kr 142 000. Tek ein omsyn til inntektsverknad av jordbruksfrådraget, vert den skattekorrigerte jordbruksinntekta i 2008 kr 214 300 i gjennomsnitt per årsverk for bruka frå Vestlandet. Det er ein auke på 4 % frå 2007. I alt utgjer inntektsverknaden av jordbruksfrådraget kr 26 400 per årsverk. Det er ikkje teke omsyn til inntektsverknaden av jordbruksfrådraget i dei andre resultatmåla frå driftsgranskingane.
Alle dei presenterte resultata er middeltal frå grupper av bruk. Det er stor spreiing i materialet, noko som ikkje kjem fram her. Middeltala for dei 164 bruka gjev likevel ein god peikepinn på korleis den økonomiske utviklinga for jordbruket på Vestlandet har vore.
Sjå separat tabell med nøkkeltal for 2007 og 2008.
|
| Jordbruksinntekt per årsverk à 1845 timar for Vestlandet og landet i perioden 2000-2008 |
I tillegg til opplysningene i dette oppslaget, har NILF på Internett også mye annen informasjon om driftsgranskingene 2008.
For meir detaljerte opplysninger, kontakt Heidi Knutsen.
Se også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 15.12.2009
|