Nytt fra NILF    
 
Om NILF
Kontakt oss
Pressemeldinger
Nytt fra NILF
Matvareindustri
og marked
Matpriser
Politikk og økonomi
Landbruket
Publikasjoner
Salg av materiell
og programvare
Seminarer
Kurs
Stilling ledig
Nettstedskart
Startsiden
English
 
Gyldig HTML 4.01
 
Gyldig CSS
 
 
 

Sauebøndene hadde best utvikling i jordbruksinntekt på Vestlandet i 2008

På Vestlandet var det sauebøndene som hadde størst auke i jordbruksinntekta i 2008. I gjennomsnitt auka jordbruksinntekta med 3 % for vestlandsbonden, medan sauebonden fekk auka si jordbruksinntekt med 48 %. Det viser den årlege rekneskapsundersøkinga frå NILF.

Jordbruksinntektene, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, auka i gjennomsnitt for vestlandsbonden med 3 %, til kr 187 900 frå 2007 til 2008.

Bruka med sauehald oppnådde den største auken i jordbruksinntekt frå 2007 til 2008, med kr 46 600 (48 %), til kr 144 400 per årsverk. Sauehald ligg likevel lågare enn dei andre produksjonane i jordbruksinntekt. Auke i produksjonsinntektene, auka effektivitet og uendra rentekostnader er viktige årsaker til den gode utviklinga. Også bruka med frukt hadde eit godt år i 2008, med ei auke i jordbruksinntekt per årsverk på 23 %, til kr 215 500.

Høgast jordbruksinntekt oppnådde bruka med kombinasjonen mjølkeproduksjon og svinehald, med kr 250 600, ein auke på 9 % frå 2007. Produksjonsauke, auka prisar på kjøt og mjølk og nedgang i arbeidsforbruket førde til auka jordbruksinntekt på desse buka, trass i auka kostnader.

Mjølkeproduksjon har gjennom mange år vore basisen for landbruket på Vestlandet. Også desse bruka hadde auke i produksjonsinntektene i 2008, men kostnadsvekst både på driftsmiddel og renter førde til nedgang i jordbruksinntekta med 7 % frå 2007 til 2008, til kr 182 600.

Investeringsnivået var høgt også i 2008. I gjennomsnitt var nettoinvesteringa per bruk kr 76 800. Samla gjeld per bruk auka med 14 % til kr 1,36 mill.

Skattefordel som følgje av jordbruksfrådrag, er ikkje med i resultatmåla. Skattekorrigert inntektsauke var 4 % i gjennomsnitt for vestlandsbonden..

I alt omfattar granskinga 861 bruk frå heile landet, 164 bruk er frå vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Bilde

Det finnes også en lang versjon av dette oppslaget.

I tillegg til opplysningene i dette oppslaget, har NILF på Internett også mye annen informasjon om driftsgranskingene 2008.

For meir detaljerte opplysninger, kontakt Heidi Knutsen.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 15.12.2009