Nytt fra NILF    
 
Om NILF
Kontakt oss
Pressemeldinger
Nytt fra NILF
Matvareindustri
og marked
Matpriser
Politikk og økonomi
Landbruket
Publikasjoner
Salg av materiell
og programvare
Seminarer
Kurs
Nettstedskart
Startsiden
English
 
Gyldig HTML 4.01
 
Gyldig CSS
 
 
 

Oppgang i jordbruksinntektene i 2008

Bilde
 

Jordbruksinntektene auka med kr 8400 (4 %) frå 2007 til 2008, og var gjennomsnittleg kr 212 500 per årsverk. Dette er eit av resultata frå dei årlege driftsgranskingane utført av NILF. Driftsgranskingane omfattar rekneskapstal frå 861 bruk fordelt over heile landet.

Jordbruksinntektene, her målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk auka med 4 % på landsbasis frå 2007 til 2008. Inntektsnivået i jordbruket var høgast på Jæren med kr 285 100 per årsverk, etterfølgt av flatbygdene på Austlandet (kr 244 500) og i Trøndelag (kr 240 800). Produksjonsomfanget per driftseining auka, medan timeforbruket var om lag uendra.

Bruk med korn og svin gav høgast jordbruksinntekt av de ulike presenterte driftsformene med gjennomsnittleg kr 299 000 per årsverk, trass i ein nedgang på 10 % frå 2007. Nedgangen skuldast vekst i kostnader, særleg gjødsel og kraftfôr. Lønsemda for bruk med einsidig kornproduksjon auka mest, med 40 % til kr 212 200 per årsverk. Godt avlingsår og prisauke er hovudårsakene. Mjølkeproduksjonen oppnådde kr 197 800 per årsverk, ein nedgang på 1 %. Kostnadsauke er årsak til nedgangen. Sauehaldet hadde ein auke på 15 % til kr 149 300 per årsverk.

Generelt har det vore ein stor auke i brutto produksjonsinntekter (12 %) på grunn av auka prisar på sentrale produkt som mjølk, kjøt og korn i tillegg til volumauke, tilskotsauke og godt avlingsår. Kostnadene gjekk opp med 13 %. Kostnader til energi og gjødsel auka mest.

Investeringsnivået i jordbruket har auka kraftig frå 2007 til 2008. Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk var kr 104 200 mot kr 54 500 i 2007. Det vart investert mest i driftsbygningar, og det var høgast nettoinvestering i Rogaland og Agder. Gjelda auka med 10 % i snitt per bruk. Gjeldsdelen for driftsgranskingsbruka auka frå 44 % til 45 % i 2008. Rentekostnaden auka med 41 %.

Jordbrukets del av brukarfamiliens samla inntekter var 40 %. Bidrag frå tilleggsnæringar med basis i ressursane på bruket stod for 7 % av samla inntekter medan lønsinntekter utgjorde 37 %. Det har vore små endringar i samansetning av inntekt dei siste ti åra. Samanlikna med 1999 er det nedgang i bidraget frå jordbruk på 2 prosentpoeng og auke på 2 prosentpoeng frå tilleggsnæring.

Dei samla inntektene for brukarfamilien for 2008 var på kr 662 600, ein auke på 6 %. I dette beløpet inngår alle inntekter for brukarfamilien, både i og utanfor bruket.

Inntektsverknad av jordbruksfrådrag inngår ikkje i nokon av resultatmåla. Inntektsverknad per årsverk auka med kr 1800 til kr 29 000 per årsverk. Andre frådrag kan redusere verknad av jordbruksfrådrag. Jordbruksinntektene justert for skattefordel auka med 5 % frå 2007 til 2008.

For 148 gardsbruk med skog er det utført ei eiga undersøking. Det gjennomsnittlege skogarealet på desse bruka er 1288 dekar. Gjennomsnittleg driftsoverskot per skogbrukseigedom var kr 62 000, ein auke på kr 2700 (4 %) frå 2007.

I tillegg til opplysningene i dette oppslaget, har NILF på Internett også mye annen informasjon om driftsgranskingene 2008.

For meir detaljerte opplysningar, kontakt Torbjørn Haukås eller Eva Øvren.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 15.12.2009